Avalonhalvøya er ei halvøy søraust på Newfoundlandøya i Canada. Her bur størsteparten av innbyggjarane på Newfoundland, og her ligg også provinshovudstaden for Newfoundland og Labrador, St. John's.[1] Halvøya har ei flatevidd på 9 220 km².[2]

Avalonhalvøya, ei halvøy søraust på Newfoundland med hovudbyen St. John's avmerka.

Halvøya ligg nær Grand Banks, eit viktig fiskeområde. Fiskeindustri har lenge hatt ei viktig tyding her. Ved den kanadiske folketeljinga i 2011 hadde ho 262 410 innbyggjarar, rundt 51 % av folkesetnaden på Newfoundland.

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Fotnotar
  1. Karla Zimmerman (3 augusti 2010). «Newfoundland's Avalon Peninsula» (på engelsk). BBC. Henta 11. februar 2016. 
  2. «Avalon Peninsula». The Canadian Encyclopedia. Arkivert frå originalen 7. mars 2008. 

Koordinatar: 47°17′N 53°21′W