St. John's på Newfoundland

For hovudstaden på Antigua og Barbuda, sjå Saint John's.

St. John's (fransk Saint-Jean) er provinshovudstaden i Newfoundland og Labrador i Canada og har kring 100 000 innbyggjarar. Han ligg aust på AvalonhalvøyaNewfoundland. St. John's er den største byen i provinsen[1] og den nest største langs den kanadiske atlanterhavskysten etter Halifax. Han har òg det 20. største storbyområdet i Canada med kring 185 000 innbyggjarar.[2] Byen har ei lang og levande soge og er den eldste byen som engelskmennene grunnla i Nord-Amerika.[3]

St. John's
by
Motto: Avancez
Kallenamn: The City of Legends
Land  Canada
Provins Newfoundland og Labrador
Høgd 0–147 m
Areal 446,04 km²
Folketal 110 525 (2021)
Grunnlagd 5. august 1583
Tidssone NST
Retningsnummer 709
Kart
St. John's på Newfoundland
47°34′3″ N 52°42′26″ W
Wikimedia Commons: St. John's, Newfoundland and Labrador

Storbyområdet kring St. John's er det området i Newfoundland og Labrador og langs den kanadiske atlanterhavskysten som veks raskast.[4] Dette området omfattar Mount Pearl og elleve andre byar.

Historie endre

Hamna i St. John's vart mykje nytta av europeiske fiskarar frå tidleg på 1500-talet og vart offisielt grunnlagd som ein busetnad då sir Humphrey Gilbert erklærte Newfoundland for engelsk koloni i 1583.[5] Det nøyaktige opphavet til namnet St. John's (heilage Johannes) er ukjend . Namnet dukka først på portugisiske kart som Rio de San Johem på 1500-talet etter kart frå kartografen Pedro Reinel (død ca. 1542). I følgje segna kom namnet frå den italienske oppdagaren Giovanni Caboto, som gjekk i land på Bonavista den 24. juni 1497.[6]

Under Dronning Anne-krigen, i 1709, fann slaget ved St. John's stad her. Franske styrkar tok byen frå britane og øydela festningsverka. Seinare tok britane byen tilbake.

Siste halvdelen av 1900-talet hadde St. John's ein lang og velståande periode innan fiskeindustrien og han har vorte til eit moderne senter for eksport og tenester. Han er kjend for nattelivet og den rike musikkulturen. Nyleg har oppdaginga av oljefelt i havområda utanfor byen ført til økonomisk oppsving med folkevekst og kommersiell utvikling, og byen står i dag for om lag halvparten av inntektene til provinsen i dag.[7]

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: St. John's på Newfoundland

Kjelder endre

  1. The City of St. John's — City Information, arkivert frå originalen 22. februar 2009, henta 2. januar 2010 
  2. City of St. John's. «Economic Outlook 2009, St. John's Metropolitan Area» (PDF). [daud lenkje]
  3. Paul O'Neill, The Oldest City: The Story of St. John's, Newfoundland, 2003, ISBN 0-9730271-2-6.
  4. http://www.stjohns.ca/business/pdfs/EconomicOutlook2009.pdf[daud lenkje]
  5. Canadian Encyclopedia — St. John's: Settlement and Development, arkivert frå originalen 16. desember 2008, henta 2. januar 2010 
  6. The Canadian Encyclopedia — St. John's, arkivert frå originalen 23. januar 2011, henta 2. januar 2010 
  7. CBC News:Some thorns in rosy outlook: St. John's trade board, arkivert frå originalen 16. desember 2008, henta 16. desember 2008