Aviatorbreen er ein stod dalbre i Antarktis som er kring 100 km lang og 8 km brei, og som generelt flyt sørover frå platået i Victoria Land langs vestsida av Mountaineer Range og ut i Lady Newnes Bay mellom Cape Sibbald og Hayes Head der han dannar Aviator bretunge.[1]

Aviatorbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 73°50′S 165°03′E / 73.833°S 165.050°E / -73.833; 165.050
Lengd 100 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Aviatorbreen
73°50′00″S 165°03′00″E / 73.8333°S 165.05°E / -73.8333; 165.05
Aviatorbreen is located in Antarktis
Aviatorbreen (Antarktis)

Isbreen vart fotografert frå lufta av kaptein W.M. Hawkes i US Navy på den historiske første flyturen frå New Zealand til McMurdo Sound den 17. desember 1955. Eit forsøk på å undersøke breen med helikopter og lande eit mannskap frå NZGSAE måtte avlysast då USS «Glacier» vart øydelagd av istrykket i desember 1958. Han vart namngjeven av NZGSAE, 1958–59, som ei hyllest til det farlege arbeidet pilotar og andre flyfolk gjorde under utforskinga og undersøkinga av Antarktis.[2]

Aviator bretunge

endre

Aviator bretunge i Antarktis er ei forlenging ut i Rosshavet av Aviatorbreen, mellom Wood Bay og Lady Newness Bay langs kysten av Victoria Land.[3] Denne flytande istunga strekkjer seg kring 25 km utover i sjøen.< Namnet vart tilrådd av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med Aviatorbreen.[4]

Kjelder

endre
  1. Find the Data. «Glacier: Aviator Glacier, Antarctica». Henta 1. mars 2013. [daud lenkje]
  2. Find the Data. «Glacier: Aviator Glacier, Antarctica». Henta 1. mars 2013. [daud lenkje]
  3. Find the Data. «Glacier: Aviator glacier tounge in Antarctica». Henta 1. mars 2013. [daud lenkje]
  4. Find the Data. «breen: Aviator bretunge i Antarktis». Henta 1. mars 2013. [daud lenkje]