Avigdor
Avigdor (hebraisk skrift אֲבִיגְדוֹר) er ein liten moshav sør i Israel. Han ligg sør for Kiryat Malakhi og 11 km nord for Kiryat Gat. Han dekkjer 3,75 km² og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 743 innbyggjarar.[1]
Avigdor | |||
אֲבִיגְדוֹר, Avigedor | |||
landsby | |||
Avigdor
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Be'er Tuvia | ||
Koordinatar | 31°42′33.83″N 34°44′38.39″E / 31.7093972°N 34.7439972°E | ||
Folketal | 743 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
• Grunnlagd av | Jødiske veteranar frå den britiske hæren | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Avigdor 31°42′34″N 34°44′38″E / 31.709397222222°N 34.743997222222°E | |||
Kart som viser Avigdor.
| |||
Wikimedia Commons: Avigdor |
Han vart grunnlagd i 1950 av veteranar frå den britiske hæren og heitte først Yael, initialane til den hebraiske transporteininga, som veteranane høyrte til under krigen. Seinare vart namnet endra, og kalla opp etter sir Osmond Elim d'Avigdor-Goldsmid, ein engelskman og president i Palestina Jewish Colonization Association som i 1934–1939 donerte pengar til moshaven.[2] Han vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Qastina.[3]
Folkesetnaden driv dels med jordbruk, innan meieridrift og fjørkre, og dels innan frie yrke.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Avigdor» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015.
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 14. ISBN 965-7184-34-7. (he)
- ↑ Khalidi, 1992, s. 131
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2007-01-24 ved Wayback Machine. (he)