Avril Lavigne

Avril Ramona Lavigne (fødd 27. september 1984) er ei kanadisk songarinne og skodespelarinne. Ho har hatt hits med songane «Sk8er Boi», «Complicated» og «Nobody's Home».

Avril Lavigne
Avril Lavigne @ Grammy Museum 09 05 2019 (49311430057).jpg
Fødd27. september 1984 (36 år)
FødestadBelleville
FødenamnAvril Ramona Lavigne
OpphavCanada, Frankrike
Aktiv1999–
Sjangeralternativ rock, pop-pønk, poprock, post-grunge, softrock
Instrumentgitar, vokal, piano, trommesett
Stemmetypelyric-light soprano
PlateselskapArista Records, Epic Records, RCA, BMG Rights Management, RCA Corporation, Bertelsmann Music Group
Verka somsinger-songwriter, songar, skodespelar, komponist, velgjerar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, moteskaper
MorJudith Rosanne Loshaw
Gift medDeryck Whibley, Chad Kroeger, Harold Perez

BiografiEndra

Avril Lavigne vart fødd i Belleville i Ontario, men voks opp i småbyen Napanee i same provinsen. Ho viste tidleg musikalsk talent, og gav ut debutplata si, Let Go i 2002, 17 år gamal. Singlane «Sk8er Boi» og «Complicated» vart store hits, og plata selde i svært mange eksemplar over heile verda. Dette resulterte i både den kanadiske Juno-prisen, Grammy-prisen frå USA med meir.

Oppfylgjarplata Under My Skin kom i 2004. Fleire singlar vart laga frå denne også, som «Don't Tell Me» og «Nobody's Home». Fram til i dag har Avril Lavigne gjeve ut fire studioalbum. Ho har hatt fleire skodespelarroller, m.a. ei stemme i animasjonsfilmen Over hekken. Ho var ei stund gift med Deryck Whibley, vokalisten i rockebandet Sum 41, men dei to er i dag skilde.

DiskografiEndra

  • Let Go (2002)
  • Under My Skin (2004)
  • The Best Damn Thing (2007)
  • Goodbye Lullaby (2011)

KjelderEndra