Opna hovudmenyen

Awarta (arabisk عورتا) er ein palestinsk by som ligg 8 km søraust for Nablus, nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 5 623 innbyggjarar i 2007.[1]

Awarta
عورتا, Aworta
kommune
13.03.11.P3130560.JPG
Awarta, 2011
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°09′41.20″N 35°17′11.01″E
Areal 0,5 km²
Folketal 5 623 (2007)
Folketettleik 11 246 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Awarta

HistorieEndra

Awarta har vore busett sidan bibelsk tid og gjennom tida då Palestina vart styrt av Austromarriket, det islamske kalifatet og under Det osmanske riket. Mellom 300- og 1100-talet var byen eit viktig samaritansk senter, og her låg ei av hovudsynagogene deira.[2]

Finehas-høgda som er omtalt i Bibelen er knytt til byen Awarta. Tre store monument i byen er knytt til prestefamilien Aron. I følgje tradisjonen er han gravlagd her med sønene Ithamar og Eleazar. Sonesonen Finehas skal vere gravlagd på staden ved sidan av sonen sin Abishua — sistnemnde er særleg høgt akta av samaritanar, som trur han skreiv Toraen. Dei sytti eldre er sagt å vere gravlagd i ei grotte nær grava til Finehas. På vestsida av Awarta ligg grava som muslimane meiner høyrer til Nabi Uzeir, skrivaren Ezra.[2]

Den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi skreiv i 1226 at Awarta under ajjubidane var han ein «landsby eller liten by, langs vegen frå Nablus til Jerusalem. Gravene til Yusha (Josva) ibn Nun, og Mufaddal son av onkel til Aron. ligg her. Desse ligg i ei grotte, der dei sytti profetane òg ligg gravlagd.»[3]

Moderne tidEndra

Den palestinske sjølvstyresmakta tillet fri tilkomst til desse heilage stadane.[4]

Awarta nådde den internasjonale pressa etter Itamar-åtaket den 11. mars 2011, då fem medlemmar frå den same familien vart myrda i den nærliggande israelske busetjinga Itamar og Awarta vart erklært eit lukka militærområde, fordi ein mistenkte at gjerningsmennene kom frå landsbyen. Alle mennene i Awarta vart henta inn til avhøyr i følgje den israelske avisa Haaretz.[5] Som ein reaksjon på åtaket, infiltrerte maskerte israelske busetjarar seg inn i landsbyen og kasta steinar på husa, før dei vart jaga bort av Det israelske forsvaret.[6]

To unge innbyggjarar frå Awarta, Hakim Maazan Niad Awad og Amjad Mahmud Fauzi Awad vart arresterte den 5. og 10. april 2011 og tilstod morda.[7] Innbyggjarane i Awarta fordømde morda, men hevda at dei to gjerningsmennene hadde tilstått under tvang.[8]

KjelderEndra

  1. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.109.
  2. 2,0 2,1 Biblical Holy Places: An Illustrated Guide (2000) Gonen, Rikva. Paulist Press. s.44-45. ISBN 080913974
  3. le Strange, Guy. (1890). Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500 Committee for the Palestine Exploration Fund, s.404.
  4. Interim Agreement Annex III: Protocol Concerning Civil Affairs.
  5. Amos Harel and Avi Jissakaroff: “IDF continues mass Vestbreidda arrests in wake of Itamar massacre”. Haaretz, 15. mars 2011
  6. Yair Altman (13. mai 2015). «Hooded settlers throw stones in palestinsk landsby». Ynetnews. Henta 23. september 2015. 
  7. Greenberg, Hanan (17. april 2011). «Itamar massacre solved; 2 arrested». Ynetnews. Henta 23. september 2015. 
  8. Levy, Elior (17. april 2011). «Awarta stunned over Itamar attack revelation; 'They're just kids'». Ynetnews. Henta 23. september 2015.