Awarua Plains
Awarua Plains er eit større våtmarksområde aust for Bluff på New Zealand.[1] Det dekkjer eit areal på kring 600 km², og slettene strekkjer seg i 35 kilometer langs kysten av Foveaux-sundet. Denne kyststrekninga omfattar også halvøya Tiwai Point, Awarua Bay, Waituna Lagoon og Toetoes Bay. Elva Mataura River utgjer hovuddelen av vassføringa inn til Awarua Plains, saman med Oreti River, dei er leivningar etter elvene som i istida forma Southland Plains (Murihiku). I tillegg renn fleire mindre elver ut i Foveaux-sundet langs denne kyststrekkja, hovudsakleg via Awarua Bay og Waituna Lagoon.
Kulturministeriet på New Zealand (Ministry for Culture and Heritage) omset Awarua med «to elver».[2]
Radioverksemd
endreAwarua Plains er høvelege for radioverksemd, på grunn av låg og fjern horisont, høg bakkekonduktivitet og fråstand frå kjelder til radiointerferens.[3][4]
Staden vart utpeika etter ein ekspedisjon i 1911, leia av sjefen for Post- og Telegrafverket på New Zealand, leiarar i Forsvaret og representantar frå australske radiooperatørar som såg seg om etter «eit utstrekt og flatt landområde som kunne gi dei beste resultata for radiosendingar».[5]
Radio-relaterte installasjonar her er:
- Unwin Radar til La Trobe University i Melbourne i Australia.
- Awarua Tracking Station til Den Europeiske Romfartsorganisasjonen.
Awarua Radio
endreAwarua Radio (kallesignal VLB eller ZLB) var hovudstasjonen på New Zealand for kystradio.Ved opninga kunne stasjonen kommunisera med austkysten av Australia,[6] men sørgde etter kvart for verdsvid kommunikasjon av radiotelegrafi og tale til skip på havet. Nokre av installasjonane vart bygde av det tyske selskapet Telefunken. Stasjonen opna 18. desember 1913[7] driven av New Zealand Post Office (til 31 mars 1986), seinare av etterfølgjaren, Telecom New Zealand, til stasjonen vart stengd 30. august 1991.[8]
Referansar
endre- ↑ «New Zealand Gazetteer1». Land Information New Zealand,LINZ. 27. november 2011. Henta 10. mai 2020.
- ↑ «1000 Māori place names». New Zealand Ministry for Culture and Heritage. 6. august 2019. Henta 10. mai 2020.
- ↑ «NZ space link seen as a showcase for satellite imaging». Yahoo News. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 15. februar 2011. av NZPA
- ↑ «Unwin Radar». Venture Southland. Arkivert frå originalen 18. desember 2010. Henta 12. april 2011.
- ↑ The Otago Daily Times, 1911-04-03, gjenutgjeve i Tea party in the Antarctic, Otago Daily Times, 2011-04-03
- ↑ «Long-distance wireless stations». Ministry for Culture and Heritage, New Zealand. 26. april 2016. Henta 10. mai 2020.
- ↑ «The Post and Telegraph Department at war». New Zealand History. Henta 10. mai 2020.
- ↑ Awarua Radio VLB - ZLB
- Denne artikkelen bygger på «Awarua Plains» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2020.