46°33′58″S 168°35′25″E / 46.5662°S 168.5904°E / -46.5662; 168.5904

Waituna Lagoon
Land  New Zealand
Kart
Waituna Lagoon
46°33′58″S 168°35′24″E / 46.5662°S 168.59°E / -46.5662; 168.59

Waituna Lagoon ligg på sørkysten til SørøyaNew Zealand og dannar delar av våtmarka Awarua Wetland, ein Ramsarstad som vart oppretta i 1976.

Lagunen er eit viktig habitat for både stadbundne fuglar og flyttfuglar, og 73 ulike artar er oppdaga her. Den auka utbreiinga i lagunen av plantearten Leptocarpus som har vore observert gjennom ein 50-års periode, har vorte tilskrive kunstige opningar mellom lagunen og havet, og auka mengde sediment[1].

Lagunen er i stor grad upåverka av menneskeleg aktivitet, men der er for høge næringsnivå og sedimentering, noko ein ottast vil føra til eutrofiering[2]. Det har også vore oppblomstringar av potensielt giftige algar i lagunen [3].

Rekreasjonsbruk endre

Waituna Lagoon er ein kjend stad for fiske og fuglejakt. Der er gode førekomstar av aure i lagunen og i tilførsleelvene, men der er ei fangstgrense på to fiskar pr person pr dag[4]. Fiskesesongen er frå 1. oktober til 30. april.

Der er godt utval av jaktbare fuglar i lagunen, med stokkender som den viktigaste arten. Av andre fugleslag det vert jakta på i sesongen er sigdskeiand (maori kuruwhengi), kanadagås (innført til New Zealand i 1905 for jakt, no sett på som ei uønska art), maorirustand (maori pūtangitangi) og svartsvane (som sjelden vert skoten på av jegrar)

Kjelder endre

Referansar endre

  1. R.M.C. Thompson og G.R. Ryder (2003). Waituna Lagoon : summary of existing knowledge and identification of knowledge gaps. Wellington, N.Z.: DOC. ISBN 9780478223590. 
  2. Barry Robertson (26. mai 2011). Interim recommendations to reduce the risk of Waituna Lagoon from flipping to an algae-dominated state (PDF). Lagoon Technical Group. 
  3. «Toxic algae in Southland lagoon». RNZ. 29. mars 2018. Henta 8. juli 2020. 
  4. Fish&Game New Zealand. «Hunting Regulations». Henta 22. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff endre