Axel Arbo

norsk botanikar og lege

Axel Christian Smith Arbo (2. mai 182523. mai 1906) var ein norsk lege, botanikar og forfattar.[1]

Axel Arbo
Fødd2. mai 1825
Åmli kommune
Død23. mai 1906
NasjonalitetNoreg
Yrkebotanikar, lege

Arbo var fødd i Åmli som son av soknepresten William Arbo og Andrea Smith. Han verka som distriktslege og var lege ved Rikshospitalet før sviktande helse gjorde at han praktiserte mindre som lege. I 1863 busette han seg i Øyestad ved Arendal. Han skreiv brev og bøker. I tillegg til planteliv interesserte han seg for fjellvandring, og var i 1885 ein av dei fyrste som gjekk opp på Galdhøpiggen. Arbo skreiv dels på riksmål og dels på landsmål, og var blant dei fyrste forfattarane til å gje ut stoff på landsmål med ei reiseskildring.[2]

Verk endre

  • Grundrids av Planterigets Naturhistorie, til Skolebrug, med 73 Træsnit. Christiania 1852. 2. utg. 1856. 3. utg. 1862. 4. utg. 1870.
  • Tabellarisk Oversigt over Hvirveldyrene. Christiania 1854.
  • Tourist-Skizzer fra endeel av Norges mærkeligste Egne. Christiania 1859.
  • Betragtninger over Sjælens Væsen og de vigtigste sjælelige Tilstande. 1860.
  • Naturens Bog elementarisk fremstillede af Fr. Schoedler; fri Bearbeidelse paa Norsk ved A. Arbo … [et al.]; med 514 Træsnit og et Stjernekart utgitt av Feilberg & Landmark, Christiania 1867 (fleire oppl.)
  • Om Tretalstanken. En Undersøgelse. 1874.
  • Compendium i den medicinske Botanik. Christiania 1854. 2. utg. 1875.
  • Sætersdalen. I H. G. Heggtveit: Fra Nordens natur og folkeliv, Kristiania 1880, ss 222–223.
  • Positivismens rene Idee : en Belysning, Arendal 1884.

Kjelder endre

  1. Bøker, boktrykkere og bokhandlere i Arendal – forfatterbiografier | Vineta (på norsk bokmål), henta 30. januar 2022 
  2. «Aasta Hansteen - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 19. januar 2022