Åmli kommune
Åmli kommune er ein kommune i Agder fylke. Han grensar i aust mot Vegårshei, i sør til Froland og i vest til Bygland og i nord til kommunane Fyresdal og Nissedal i Vestfold og Telemark fylke.
Åmli kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Adm.senter | Åmli | ||
Areal | 1 131 km² | ||
- land | 1 068 km² | ||
- vatn | 63 km² | ||
Folketal | 1 786 (1. januar 2023) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Bjørn Gunnar Baas (Sp) | ||
Kommunenr. | 4217 | ||
![]() Åmli | |||
Wikimedia Commons: Åmli | |||
Nettstad: www.amli.kommune.no | |||
Åmli kommune ligg omkring dalføret til Nidelva, sidedalen Gjøvdal og Tovdal. Dei tidlegare kommunane Gjøvdal og Åmli vart slått saman til Åmli kommune i 1960. Åmli har sine nåverande grenser frå 1967, då tidlegare Tovdal kommune vart lagt til.
Namnet «Åmli» er avleidd av treslaget alm. Kommunevåpenet viser ein oppreist bever i sølv på blå bakgrunn.
Geografi Endra
I Åmli kommune er det store heiområde som stort sett ligg under skoggrensa (700–800 moh.), høgst når Trongedalsnuten (929 moh.) mellom Tovdal og Gjøvdal. Elvane går mot søraust for så å bøye av mot sørvest. Nidelva munnar ut i Arendal, Tovdalselva i Topdalsfjorden aust for Kristiansand. Kommunen har fleire verna område, mellom anna Årdalen naturreservat, som grensar mot Rukkevatn naturreservat og Furubuheii myrreservat.[1]
Busetnaden i Åmli kommune er tettast rundt administrasjonssenteret Åmli. I dalføra er det spreitt busetnad.
Næringsliv og samferdsel Endra
Åmli kommune er etter Birkenes den største skogbrukskommunen i fylket målt etter avverka tømmer. Åmli har ein del jordbruk med allsidig drift, men med hovudvekt på hald av husdyr, særleg sau. Bierøkt er også ei viktig næring. Åmli kommune har store vasskraftressursar og det største kraftverket i kommunen er Jørundland i Gjøv.
Sørlandsbanen kryssar Åmli kommune i søraust, med stasjon på Nelaug og ei sidelinje herfrå til Arendal. Riksveg 41 (Kviteseid–Kristiansand), Telemarksvegen, går nord–sør gjennom kommunen. Frå tettstaden Åmli går fylkesveg 415 søraustover mot Tvedestrand. Fylkesvegar fører gjennom Tovdal og Gjøvdal, den sistnemnde over til Fyresdal i Telemark.[1]
Bilete Endra
-
Gard i Åmli
-
Åmfoss bru over Nidelva
-
Frå Nelaug stasjon
Kjende folk frå Åmli Endra
- Engvald Bakkan (1897–1982), forfattar
- Jonas Alaska (f. 1988), musikar
Kjelder Endra
Bakgrunnsstoff Endra
- Nettsidene til Åmli kommune
- www.amli.no Arkivert 2014-01-04 ved Wayback Machine. – Turistinformajson om Åmli kommune