Axel Otto Kristian Hagemann (4. mai 18561. september 1907) var ein norsk skogforvaltar og politikar, fødd i Øyestad i Aust-Agder.

Axel Otto Hagemann
Fødd4. mai 1856
Død1. september 1907
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Hagemann var son til ein offiser. Sjølv vart han student i 1876, valde deretter å studere på skogskule i Stockholm i tida 1876-78. Frå 1881 var han skogsfut i Salten. Sidan var han forstassistent i Alta og åra 1896-1900 skogsforvaltar i Vest-Finnmark. I 1900 fekk han stillinga som skoginspektør i Nordlands distrikt, med sete i Tromsø.

Hagemann var ordførar i Alta frå 1891 til 1900. Stortingsperioden 1895-97 var han 2. representant frå Finnmark, vald på eit Høgre-program. På Stortinget var han sekretær i jarnbanekomiteen.

Han døydde i Asker.

KjelderEndra