Aysgarthfossane

(Omdirigert frå Aysgarth Falls)

Aysgarthfossane er tre fossar i elva Ure i Yorkshire Dales i England. Dei strekkjer seg over nesten halvannan kilometer, og har stor vassføring når det er nedbør.

Dei øvre fossane
Dei nedre fossane

Fossane har dratt til seg besøkande i meir enn to hundre år. John Ruskin, J.M.W. Turner og William Wordsworth er blant dei som har vore der og beskrive fossane i lyriske vendingar. En scene i Robin Hood: Tyvenes prins ble spilt inn ved det øvre fallet.

Langs fossane går det stigar der ein får utsikt over elva. Det er rik flora og fauna der. Kyrkja St. Andrew's church ligg like ved, denne har ein av dei største kyrkjegardane i England.

I fjernsynsprogrammet Seven Natural Wonders blei Aysgarthfossane tatt med som eit av undra i nord.