William Turner

(Omdirigert frå J.M.W. Turner)

Joseph Mallord William Turner (23. april 177519. desember 1851) var ein britisk målar og leiande utøvar innanfor romantikken. Han vert rekna for å vere ein av dei aller største britiske kunstmålarane.

William Turner

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 23. april 1775
Covent Garden, Maiden Lane, London
Død

19. desember 1851 (76 år)
Cheyne Walk, Chelsea, Royal Borough of Kensington and Chelsea

Yrke kunstmålar, landskapsmålar, teiknar, grafikar, bygningstegner, biletkunstnar, illustratør
Språk engelsk
Sjanger marinemåleri, historiemåleri, landskapsmåleri
Medlem av Royal Academy of Arts
Signatur
William Turner på Commons

Trass i ein snøgg arbeidsmåte skapte han unike verk. Hovudinspirasjonskjelda hans var skip og vatn, men også dramatiske naturscener. Då han døydde overlet han 20 000 verk til den britiske regjeringa. Turner er rekna som ein forløpar for impresjonismen, ettersom verka hans stimulerte ulike kunstnarar av den stilen.

Vierwaldstättersjøen, 1802
Arundel slott, med regnboge, ca 1824
Krigsskipet Temeraire, 1838
Snøstorm. Dampskip ved hamnemunninga, 1842
Soloppgang med sjøuhyre, 1845

Liv og gjerning endre

Turner var fødd i London og var son til ein barber. Han voks opp i distriktet Covent Garden. Turner hadde eit svært nært forhold til far sin. Faren forstod det store talentet til sonen, og gjennom å stille ut bilete i forretningslokalet sitt oppmuntra han sonen til vidare aktivitet. Han lærte elles Turner å vere sparsam. Av helsemessige grunnar budde sonen delar av barndommen på landsbygda, der han ofte besøkte onkelen sin.

Turner var sjølvlærd. 14 år gammal fekk han pengestønad frå Royal Academy of Arts. Året etter, i 1790, presenterte han den første akvarellen sin på den årlege utstillinga til akademiet. Både kritikarar og arrangørar var begeistra. Seinare la han ut på ei studiereise i heimlandet. Opplevingane frå turen fanga han i slåande skisser, skisser som var grunnlaget for akvarellane hans.

I 1796 laga han sitt første oljemåleri; Fiskarar på sjøen Tre år seinare vart han assosiert medlem av Royal Academy. Turner vart då økonomisk sjølvstendig, slik at han flytta frå foreldreheimen og slo seg ned i Harley Street i sentrale London. Etter eit besøk hos William Beckford i 1799, ein av oppdragsgjevarane hans, vart Turner så begeistra av to verk av Claude Lorrain at han omgåande ynskte å måle store historiemåleri.

26 år gammal fekk Turner fullt medlemskap i Royal Academy. Same året la han ut på sin første tur til det europeiske fastlandet. Han reiste til Frankrike for å ta i augesyn dei måleria Napoleon hadde rana og utstilt i Louvre. Etter 1804 var han økonomisk sterk nok til å få bygt eit galleri der han viste sine eigne verk. Til dess var det eineståande i britisk kunstliv. Tre år seinare vart han professor i perspektiv ved Royal Academy. Samstundes var Turner jamsides John Constable den leiande engelske landskapsmålaren. Mange av verka hans vart i 1819 vist fram i to store utstillingar.

Same året var Turner på ein tur til Italia. Denne reisa opna for ei radikal endring i kunsten hans. Tilsynelatande hadde Italia gjort eit mektig inntrykk på han, det sørlege lyset la han sidan ikkje frå seg. På fire månader skapte han meir enn 2 000 blyantskisser av Roma og omlandet. Tilbake i England begynte han å gje si oppfatning av krafta i lyset. Eit døme er oljemåleriet Modern Rome - Campo Vaccino frå 1819.

Sjølv om det ikkje brått forandra stilen hans, sette Turner eit klart skilje mellom bestillingsverka og dei eksperimentelle verka der han fullt ut utfalda ideane sine. Nesten ti år seinare, 1828, reiste han atter til Roma.

Mange av dei mest berømte måleria hans vart laga i dei siste leveåra. Turner trakte seg tilbake etter han i syttiårsalderen kjøpte eit hus i Chelsea, mellom anna fordi helsa hans forverra seg. Siste biletet Turner sende til Royal Academy bar tittelen Besøket ved grava".

Gravferda etter Turner fann stad i St. Pauls katedral. Han testamenterte 300 oljemåleri og nesten 20 000 teikningar og akvarellar til den britiske regjeringa.

Målarstil og intensjon endre

William Turner fokuserte primært på mønster og fargar. I sine yngre år som målar nytta han jamnast akvarellmåling, dei meir kjende, seinare verka er vanlegvis måla i olje. Motiva fann han på reisene sine. Turner fylte mange skissebøker på desse turane, seinare brukte han desse skissene når han arbeidde.

Stilen hans vart jamt friare og braut stadig oftare med den rådande smaken. I dei siste landskapsmåleria er den konkrete tolkinga alltid mindre klar, bileta verkar ufullstendige og overflatiske. Desse seinare arbeida hans såg impresjonistane på med stor entusiasme. Med sine streiftog inn i det reint fargerike var han ikkje berre ein modell for impresjonistane, men også den abstrakte kunsten i det 20. hundreåret.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: William Turner