Ure
Ure er ei elv i North Yorkshire i England. Ho spring ut i Penninane, renn gjennom nasjonalparken Yorkshire Dales, og går over i Ouse i Yorkshire nær Boroughbridge, mellom Ripon og York. Av sideelvar finn ein Swale og Skell. Elva renn mellom anna gjennom Wensleydale, som tidlegare heitte Yoredale etter elva.
Ure | |||
elv | |||
Aysgarth Falls i Wensleydale
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | North Yorkshire | ||
Lengd | 119 km | ||
Kjelde | Ure Head | ||
• høgd | 640 moh. | ||
- koordinatar | 54°21′59.967″N 2°18′0.033″W / 54.36665750°N 2.30000917°W | ||
Munning | Ouse | ||
- stad | Cuddy Shaw Reach (nær Linton-on-Ouse), North Yorkshire, England | ||
- koordinatar | 54°2′4″N 1°16′30″W / 54.03444°N 1.27500°W | ||
Ure 54°02′04″N 1°16′30″W / 54.0344°N 1.275°W | |||
Wikimedia Commons: River Ure |
Overgangen til Ouse blir nokre gonger rekna som starten på ei ny elv, med Ure som ei sideelv, men oftast reknast det som eit namneskifte på same elv.
Namnet kjem kanskje frå eit norrønt ord for «fruktbar jord». Eit anna høve er at det kjem frå Jor, seinare Yore, som kanskje er avleidd frå keltisk isura, «heilagt».
Løpet
endreDet første staden av tyding elva passarar er nasjonalparksenteret ved Hawes. Nokre kilometer lenger aust renn ho gjennom Aysgarth-falla, ein foss med tre fall. Ho passerer så Middleham Castle og ruinane av Jervaulx Abbey. Elva renn så gjennom landsbyen Masham og forbi Marmion Tower i West Tanfield og Norton Conyers.
Ure renn så gjennom Ripon og forbi Newby Hall og fornminnet Devil's Arrows. Rett vest for Boroughbridge er A1 ført på ei bru over elva. Austom byen renn Swale inn i Ure, og omkring ei mil lenger ned, ved Cuddy Shaw Reach nær Linton-on-Ouse, skiftar ho namn til Ouse.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ure» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.