Aitaroun

(Omdirigert frå Aytaroun)

Aitaroun eller Aytaroun (arabisk عيترون) er ein landsby i Libanon som ligg i Bint-Jbeil distrikt. Han ligg like nord for grensa til Israel og 125 km frå Beirut.

Aitaroun
عيترون
by
Land  Libanon
guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Bint Jbeil distrikt
Koordinatar 33°07′N 35°28′E / 33.117°N 35.467°E / 33.117; 35.467
Folketal 20 000
Retningsnummer +961
Kart
Aitaroun
33°07′00″N 35°28′00″E / 33.116666666667°N 35.466666666667°E / 33.116666666667; 35.466666666667

Aitaroun er rekna som ein av dei største landsbyane i det sørlege Libanon med eit folketal estimert til kring 20 000 (2002).

Hovudnæringa i landsbyen er jordbruk. Det er fem skular i Aitaroun, to offentlege og tre private.

Under Libanonkrigen i 2006 blei byen råka av fleire flyåtak. 16. juli blei 12 sivile frå Akhrass-familien, mellomdei 7 kanadiske statsborgarar, drepne då huset deira blei øydelagd i israelske åtak.[1] 18. juli blei 9 sivile frå Awada-familien drepne.[2] 19. juli blei 6 sivile drepne og 8 såra i israelske åtak medan dei prøvde å flykta frå Aitaroun.[3] Landsbyen mista i alt 41 innbyggjarar i krigen.[4]

Kjelder endre

  1. HRW, 2007, s. 98-100
  2. HRW, 2007, s. 100-101
  3. HRW, 2007, s. 153-155
  4. «Violence casts shadow on normally festive Muslim holiday in Mideast». CBS. 23. oktober 2006. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre