B
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Bokstaven B (b) er den andre bokstaven i det latinske alfabetet.
I kyrillisk skrift har han symbolet Б. Det er òg andre bokstaven i det greske alfabetet (Β, β), som det latinske stammar frå. B er ein leppelyd. Det semittiske namnet på bokstaven tyder 'hus' (hebraisk beth, jamfør Betlehem som tyder 'brødhus'). I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit riss av eit hus. Grekarane omdanna namnet til betâ. Etruskarane og etter dei romarane kalla bokstaven be. I fleire språk (spansk, russisk, nygresk) kan bokstaven vise til anten ein bilabial (b) eller ein labiodental (ein mellomting mellom norsk b og v). I den eldre runerekka var B det 18. teiknet. I den yngre runerekka var B det 13. Den greske bokstaven beta har saman med den føregåande alfa gjeve namn til alfabetet.
Versalen 'B' kan stå for:Endra
- nasjonalitetsmerke på bilar frå Belgia
- det kjemiske symbolet for grunnstoffet bor
- symbol for bel, eininga for effektforhold, sjå desibel.
- tonen B
- ein blodtype
- informasjonseininga byte (eller oktett) i datavitskapen
- eit vitamin
- den nest beste karakteren i høgare utdanning
- Programmeringsspråket B
- På tyske bilskilt: Berlin
- På austerrikske bilskilt: Bregenz
- På rumenske bilskilt: Bucuresti
- På norske biskilt frå før 1971: Østfold
- På islandske bilskilt frå før 1989:Barðastrandarsýsla
- På spanske bilskilt frå før 2000: Barcelona
- på mynter kan B stå for at dei er prega på eit det andre utmyntingsstaden til eit land (til dømes Hannover, Rouen).
Minuskelen 'b' kan stå for:Endra
- informasjonseininga bit i datavitskapen
- symbol for arealeininga barn
- forkorting for beatus, som tyder «salig». I latinske innskrifter er det forkorting for bonus i tydinga «god» eller bene i tydinga «godt».
- ♭, i musikken teikn for senking med eit halvt tonetrinn.
KjelderEndra
- «B – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.