Grunnstoffet bor
Bor er eit grunnstoff med atomnummer 5 og kjemisk symbol B. Det er eit halvmetall i gruppe 13 i periodesystemet.
Særskilde kjenneteiknEndra
Fleire allotrope former av bor, både amorfe og krystallinske er kjende.
Ein del borsambindingar, særleg hydrid har elektronunderskot. Det vil seia at det er færre elektron i bindinga enn det som må til for å oppfylla oktettregelen. Dette er mogleg fordi eit hydrogenatom kan danna ei bru mellom to boratom.
BrukEndra
Borsambindingar vert brukt i organisk syntese.
HistorieEndra
Bor vart oppdaga av Sir Humphrey Davy og Joseph-Louis Gay-Lussac i 1808, men borsambindingar har vore kjend lenge.
KjemiEndra
Boraks (Na2B4O7) er ein viktig sambinding av bor.
Biologisk rolleEndra
Bor kan vera nødvendig for plantar.
TryggleikEndra
Bor og borat er ikkje giftige, så spesiell handsaming er unødvendig. Nokre andre borsambindingar er giftige.