Bésame mucho
«Bésame mucho» er ein song skriven i 1940 av den mexicanske låtskrivaren Consuelo Velázquez.[1] Ein kjend versjon av songen vart spelt inn av Trio Los Panchos.
«Bésame mucho» | |
Låtskrivar | Consuelo Velázquez |
---|---|
Språk | Spansk |
Det er ein av dei mest kjende bolero-songane og vart anerkjend i 1999 som den mest sungne og innspelte mexicanske songen i verda.
Songen var med i filmen Follow the Boys (5. mai 1944) då han vart spelt av Charlie Spivak and his Orchestra[2] og i Cowboy and the Senorita (13. mai 1944) med vokal av Dale Evans.[3]
Inspirasjon
endreI følgje Velázquez sjølv, skreiv ho songen sjølv om ikkje hadde kyssa på den tida, sidan kyssing vart rekna som ei synd.[4][5]
Ho var inspirert av pianostykket «Quejas, o la Maja y el Ruiseñor» frå suiten Goyescas av den spanske komponisten Enrique Granados frå 1911, som han òg seinare nytta som «Aria of the Nightingale» i operaen med same namn i 1916.[1]
Kjende versjonar
endre- Kitty Kallen og Jimmy Dorsey (nådde toppen av salslistene i USA i 1944).
- Andy Russell (åttandeplassen i USA i 1944)[6]
- Plácido Domingo (fekk ein Grammy-nomniasjon for beste latinpopsong i 1983)[7]
- Cesária Évora (Évora song på kriolu, eit kreolsk språk som blandar portugisisk med vestafrikanske dialektar. Dette var ein av få songar ho song på eit anna språk)
- Zoé (fekk ein Latin Grammy-nominasjon for årets singel i 2012[8]
- The Beatles (spelt inn i 1962, og inkludert på albumet Anthology 1)[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bésame Mucho» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Fox, Margalit (January 30, 2005). «Consuelo Velázquez Dies; Wrote 'Bésame Mucho'». The New York Times.
- ↑ «Internet Movie Database». imdb.com. Henta 17. februar 2018.
- ↑ «Internet Movie Database». imdb.com. Henta 17. februar 2018.
- ↑ «Bésame Mucho Consuelito Velazquez News Feature». YouTube. 19. august 2008. Henta 17. februar 2018.
- ↑ Burton, Tony. «Did You Know? Consuelo Velázquez and «Bésame mucho». : Mexico Culture & Arts». Mexconnected.com. Henta 17. februar 2018.
- ↑ Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 476. ISBN 0-89820-083-0.
- ↑ «Complete List of the Nominees for 26th Annual Grammy Music Awards». Schenectady Gazette (The Daily Gazette Company). January 9, 1984. s. 49. Henta 17. februar 2018.
- ↑ «JUAN LUIS GUERRA LEADS LATIN GRAMMY® NOMINATIONS WITH SIX». Latin Academy of Recording Arts & Sciences. September 25, 2012. Henta 17. februar 2018.
- ↑ «A 50 años del Bésame mucho de los Beatles». BBC. July 9, 2012. Henta 17. februar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- «Bésame Mucho chord arrangement for gitar». jazzgitar.be.[daud lenkje]