Bîc
elv i Moldova
Bîc (òg kalla Bâc eller Byk) er ei elv i Moldova og ei av sideelvane til Dnestr frå høgre.
Bîc | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 150 km² | ||
Lengd | 155 km | ||
Vassføring | |||
- middel | 1 m³/s | ||
- maks | 220 m³/s | ||
Kjelde | Codri | ||
Munning | Dnestr | ||
![]() Bîc | |||
Wikimedia Commons: Bîc River | |||
Dei øvre delane av Bîc har grave ut ei djup ravine i Codriåsane. Hovudstaden i Moldova, Chişinău, ligg ved Bîc, og her er det bygd ei demning over elva som har danna reservoaret Chişinăusjøen med eit areal på om lag 10 km². Om sommaren tørkar Bîc ofte inn og vert til ei rekkje små innsjøar. Bîc er kraftig forureina.
Kjelde endre
- Denne artikkelen bygger på «Bîc» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2008.