Opna hovudmenyen

Bø gamle kyrkje i Telemark

kyrkje i Bø kommune i Telemark

Koordinatar: 59°24′40.39″N 9°3′17.8″E

Bø gamle kyrkje
kyrkje
Boe Old Church.jpg
Bø gamle kyrkje
Foto: Roar Johansen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn
Fellesråd
Type langkyrkje
Teknikk mur
Material stein
Innvigd 14. mai, truleg mellom 1150 og 1180
 - Vigd til Heilag-Olav
Takryttar På skipet
Kor Med apsis
Klokker 1
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1659
Altartavle 1659
Orgel Vestlandske, 1971
Sitjeplassar 150
Diverse Krusifiks ca. 1200; antemensale ca. 1300
Wikimedia Commons: Bø gamle kirke

Bø gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1100-talet i Bø kommune i Telemark. Kyrkja er av stein og har om lag 150 sitjeplassar.[1] Det rett avslutta koret fekk etter kvart apsis i aust. Våpenhuset er frå 1600-talet.

Som andre gamle kyrkjer har denne vore utsett for endringar, men dei har vore moderate. Mellom anna er sørportalen mura att, og vindauge har vorte utvida. Kyrkja vart avløyst av Bø nye kyrkje i 1875, men ein har likevel teke vare på gamlekyrkja.

Inventaret er for ein stor del frå 1600-talet. Galleriet (i vest og nord), altartavla og preikestolen er alle frå 1650-åra og vart måla i 1685–87. Galleriet har ni biletfelt med bibelske motiv. Altartavla synar Jesu dåp, nattverda, krossfestinga og Kain og Abel si ofring.

FotnotarEndra

  1. Kyrkjesøk

KjelderEndra

  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Bø kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 104-105. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 96-99. ISBN 82-91399-09-3. 
  • Kyrkjesøk

BakgrunnsstoffEndra