Bøkfjorden

fjordarm av Varangerfjorden

69°47′2″N 30°5′41″E / 69.78389°N 30.09472°E / 69.78389; 30.09472

Bøkfjorden
fjord
Land  Noreg
Del av Varangerfjorden
Kart
Bøkfjorden
69°44′34″N 30°03′08″E / 69.7429°N 30.0521°E / 69.7429; 30.0521
Wikimedia Commons: Bøkfjorden

Bøkfjorden (nordsamisk Báhčeveaivuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark.

Fjorden strekkjer seg 22 km sørover til Elvenes og munningen til Pasvikelva i botn av fjorden og passerer Kirkenes. Ved Kirkenes greinar Bøkfjorden seg i to smale armar. Den austre skjer inn til Elvenes, der Pasvikelva munnar ut, den vestre går inn Langfjorden.[1] Frå utløpet til botnen av fjordarmen Langfjorden er fjorden 33 km lang.

Kirkenes og Bøkfjorden. Hurtigruteskipet MS «Lyngen» ligg til kai.

Fjorden har innløp mellom Transperskjeret på Kjelmøya i vest og Gråtaren i aust. Den ytste delen av fjorden går på austsida av Skogerøya. På søraustsida av Skogerøya går fjordarmen Korsfjorden sørvestover til Kirkenes lufthamn. På Skogerøya ligg òg dei små fjordarmane Krokfjorden og Sølferbotn. Reinøya er ei anna øy som ligg midt i fjorden søraust for Skogerøya. Søraust for Reinøya igjen ligg grenda Ropelv.

Ved Kirkenes går Langfjorden sørvestover. Tvers over fjorden for Kirkenes ligg bygda Jakobsnes. Frå her går fjorden inn det siste stykket til Elvenes og Pasvikelva. Fv354 går langs austsida i den indre delen av fjorden.

Kjelder endre

  1. Askheim, Svein; m. fleire. Bøkfjorden. Store norske leksikon. Fri artikkel. Vitja 26. august 2020.