Skogerøya i Finnmark
øy i Sør-Varanger kommune i Finnmark
(Omdirigert frå Skogerøya)
Skogerøya (nordsamisk Sállan) er ei øy i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Øya ligg nordvest for Kirkenes kilt mellom Kjøfjorden, Korsfjorden, Neidenfjorden, Bøkfjorden og er open utover mot Varangerfjorden. Øya har eit areal på 129 km² og er den einaste større øya i Aust-Finnmark.
Skogerøya Lokalt namn Sállan | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Varangerfjorden |
Koordinatar | 69°51′N 29°52′E / 69.850°N 29.867°E
|
Areal | 129 km²
|
Høgaste punkt | Skogerøytoppen (445 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Det høgaste punktet på øya er Skogerøytoppen (Ákkelgaisá) på 445 moh. Skogerøya er ikkje busett. Tidlegare busette stader var mellom anna Revøysund, Steinskjærnes, Nordleirvåg og Sørleirvåg. Det går veg på øya frå Steinskjærnes via Sørleirvåg til Nordleirvåg. Ved Skogerøya ligg Kjelmøya der det er gjort jernalderfunn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Skogerøya i Finnmark» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2008.