Bøllingtid er ein klimaperiode ved slutten av den siste istida, datert til kring 10 500–10 000 f.Kr. Perioden kom mellom dei kaldare periodane eldste dryas og eldre dryas og haddde forbigåande mildare klima. Klimasvinging vart først påvist i dei seinglasiale avleiringane frå Bøllingsjøen ved Viborg i Danmark.

Klimaet under bøllingtida var subarktisk og ein trur at den høgaste temperaturen var kring 10 °C. Det var isfritt i Danmark, Skåne og på delar av vestkysten av Noreg på denne tida. Krattskog med bjørk, raun og einer byrja å dekke landet før isen igjen voks fram i eldre dryas.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«bølling» i Store norske leksikon, snl.no.