Allerød-interstadialen
Allerød-interstadialen, Bølling-Allerød eller allerødtid er ein periode med forholdsvis mildt klima på slutten av den siste istida, for om lag 11 800 til 11 000 år sidan. I denne perioden trekte innlandsisen seg raskt attende, men rykte etter kvart fram att då ein fekk ein ny kjøligare periode (yngre dryas), som svarar til ratida i Noreg.
Det finst torvavleiringar på Jæren frå denne tida, og på Vestlandet er det funne skjel som vart innleira i morenene då isen rykte fram i ratida.
Kjelder
endre«allerød-interstadialen» i Store norske leksikon, snl.no.