Opna hovudmenyen
Hadseløya
Geografi
Norway - Hadsel.PNG
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°32′N 14°47′EKoordinatar: 68°32′N 14°47′E
Øygruppe Vesterålen

Areal 102 km²

Høgaste punkt Lamlitinden (656 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland
Største busetnad Stokmarknes (3081 innb.)

Hadseløya er ei øy i Hadsel kommune i Vesterålen i Nordland med eit areal på 102 km². På øya ligg tettstadane Melbu og Stokmarknes. Det høgaste punktet på Hadseløya er Lamlitinden på 656 moh.

Hadseløya er knytt til den vesle Børøya med Børøybrua og vidare med Hadselbrua til Langøya. Riksveg 82 (tidlegare E10) går over bruene via Stokmarknes til Melbu, og med ferje til FiskebølAustvågøy. Det går òg fylkesveg på yttersida av Hadseløya mellom Stokmarknes og Melbu.

Spire Denne Nordlandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.