Børøya

øy i Hadsel i Nordland
(Omdirigert frå Børøya i Hadsel)

68°34′10″N 14°56′35″E / 68.56944°N 14.94306°E / 68.56944; 14.94306 Børøya (nordsamisk Bierák) er ei lita øy i Hadsel i Nordland. Øya ligg i Langøysundet, mellom Langøya og Hadseløya, like nord for Stokmarknes. Mellom Børøya og Hadseløya går Børøysundet. Det høgaste punktet på øya ligg 52 moh.

Børøya
øy
Land  Noreg
Kart
Børøya
68°34′14″N 14°55′50″E / 68.5705°N 14.9305°E / 68.5705; 14.9305
Wikimedia Commons: Børøya

Riksveg 82 (tidlegare E10) går over øya. I aust går Hadselbrua over til Langøya, i vest går Børøybrua over Børøysundet til Stokmarknes. På Børøya er det eit stort bustadområde, men også fleire verksemder. Fòrfabrikken Skretting, lakseslakteriet Nordlaks, eit mindre skipsverft og nokre mindre verksemder ligg på øya.

Hadsel kommune kjøpte Børøya i 1963, og prosjekterte bustad- og industriområde der. Kommunen finansierte Børøybrua, som vart offisielt opna i 1967. Brua over til Langøya, der Hadsel har samband med fastlandet, vart opna i 1978.

Kjelder

endre