Børge Olsen-Hagen

Børge Olsen-Hagen (10. februar 188313. september 1936) var ein norsk journalist og politikar frå Stavanger. Han vart stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i åra 1925-1936, vald frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland.

Børge Olsen-Hagen

Fødd10. februar 1883
Stavanger kommune
Død13. september 1936 (53 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør
BarnSølve Harm
Alle verv

Olsen-Hagen var son til ein lokomotivførar. Etter han var ferdig med folkeskulen arbeidde han i tekstilindustrien, før han gjekk han Stavanger kommunale handelsskole. Deretter var han handelsbetjent og handelsreisande, til han åra 1909-11 dreiv eiga klesforretning i heimbyen. I 1911 fekk han stilling som redaksjonssekretær i avisa 1ste Mai, og frå 1920 til 1936 var han redaktør i avisa. Frå 1916 var han med i Stavanger bystyre og formannskap. Han var i ni år medlem av skulestyret i Stavanger, også med i fattigstyret.

Både i 1921 og i 1924 vart Olsen-Hagen dømd og fengsla for å ha oppfordra til militærstreik. Då han i 1924 vart vald til stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland, sat han i Botsfengselet. Han sona framleis då det nye Stortinget skulle opnast på nyåret. Det førte til eit hardt press mot statsminister Johan Ludwig Mowinckel, og regjeringa Mowinckel gav difor Olsen-Hagen nåde i januar 1925 slik at han kunne møte i Stortinget.

Olsen-Hagen vart attvald både i 1927, 1930 og 1933. Arbeidarparti-mannen var i alle år medlem i Militærkomiteen, som sekretær 1931-33 og nestformann 1934-36. Han var elles medlem av Den parlamentariske valordningskomiteen av 1927 og Den parlamentariske valordningskomiteen av 1935.

Kjelder endre