Børgefjell

fjellområde i Grane

Koordinatar: 65°22′38″N 13°47′44″E

Forfattaren Václav Marek i Børgefjell i 1979.

Børgefjell, sørsamisk Byrkije,[1] er eit fjellområde i indre område sør på Helgeland i Nordland og nordlege område av Trøndelag. Fjellområdet ligg i kommunane Grane og Hattfjelldal i Nordland og Røyrvik i Trøndelag. Børgefjell nasjonalpark utgjer ein del av fjellområdet. Det høgaste punktet er Kvigtinden på 1699 meter over havet.

Det har vore samisk reindrift i området i minst 500 år, og det finst fleire samiske kulturminne som bustader og fangstanlegg her. Rundt byrjinga av 1800-talet byrja også norske gardbrukarar å slå seg til her.[2]

Børgefjell blir framleis brukt til tamreindrift. Vest-, aust- og søromåda av den noverande nasjonalparken blir mest brukt til sommarbeite, medan nordområda kan vera beite heile året.[2]

KjelderEndra

  1. «Faktaark». kartverket.no. Henta 31. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Infoplakat. Børgefjell/Byrkije» (PDF). naturbase.no. Henta 31. oktober 2019. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.