Grane kommune

kommune i Nordland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Grane)

Grane (sørsamisk Gaala)[1] er ein kommune i Nordland med Trofors som administrasjonsstad. Andre grender i kommunen er Majavatn, Austervefsna og Svenningdal. Kommunen grensar i nord mot Vefsn kommune, i aust mot Hattfjelldal, i sør mot Røyrvik og Namsskogan kommune, og i vest mot Bindal og Brønnøy kommune.

Grane kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Trofors
Areal 2 004,16 km²
 •  land 1 894,36 km²
 •  vatn 109,8 km²
Folketal 1 447  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Ellen Schjølberg (Sp)
Kommunenr. 1825
Kart
Grane kommune
65°24′02″N 13°30′38″E / 65.400555555556°N 13.510555555556°E / 65.400555555556; 13.510555555556
Kart som viser Grane kommune.
Kart som viser Grane kommune.
Kart som viser Grane kommune.
Wikimedia Commons: Grane
Nettstad: www.grane.kommune.no

Viktige næringsvegar er jordbruk og skogbruk. Europaveg 6 og Nordlandsbanen passerer gjennom kommunen. Det går vegsamband til Hattfjelldal og Sverige, og Tosenvegen, som startar i Vasselv, fører ut til kysten av Helgeland.

Landemerket «Porten til Nord-Norge» ligg sør for Majavatn ved fylkesgrensa.[2]

Geografi

endre

Store delar av kommunen består av skog - og fjellområde. Bjortjønnlimyrene naturreservat og delar av Børgefjell nasjonalpark ligg i kommunen. Ved Trofors møtest elvane Austervefsna og Svenningdalselva og dannar vassdraget Vefsna. Saman med Hattfjelldal er Grane den eine av to kommunar i Nordland utan kyststripe.

Den største turistattraksjonen i Grane er Laksforsen i Vefsna. Fossen ligg om lag 20 km nord for Trofors.

Elvar, fjell og vatn i Grane

endre
For meir om dette emnet, sjå Høgaste fjella i Grane.

Historie

endre

Grane var opphavleg ein del av Vefsn, men blei skilt ut som eigen kommune i 1927. Under 2. verdskrig blei fleire personar skote i samband med Majavatn-affæren.

Tusenårsstad

endre

Tusenårsstaden til kommunen er Grane bygdetun ligg på Gammelsagmaro like aust for Trofors sentrum. Bygdetunet er bygt opp av ei rekke verneverdige bygningar som er henta frå ulike delar av kommunen og gjenreist på bygdetunet. Bygdetunet blei offisielt opna i 1998 og har ein sentral plass i gjennomføringa av Granedagene, som blir arrangert i midten av juni kvart år.

Frå Grane bygdetun er det opparbeidd tursti til fangstanlegget på Tromoan, der det er ei rekke fangstgroper frå yngre jarnalder.

Kjende graneværingar

endre

Kjelder

endre
  1. «Fakta om kommunen - Grane kommune», www.grane.kommune.no, henta 28. desember 2021 
  2. Porten til Nord-Norge flyttes. t 1. august 2007. NRK. Vitja 5. juli 2020

Bakgrunnsstoff

endre