Hattfjelldal
Hattfjelldal (sørsamisk Aarborte) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hattfjelldal kommune i Nordland fylke. Tettstaden ligg der elva Vefsna tar opp Elsvasselva, som renn frå Elsvatnet, og dreier mot vest. Han er den einaste tettstaden i kommunen og har 522 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Hattfjelldal | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Hattfjelldal | ||
Areal | 0,86 km² | ||
Folketal | 522 (2023) | ||
Folketettleik | 607 / km² | ||
Postnummer | 8690 HATTFJELLDAL | ||
Innbyggjarnamn | hattfjelldaling | ||
Hattfjelldal 65°35′51″N 13°59′16″E / 65.5974°N 13.9879°E |
I Hattfjelldal ligg hovudkontor og det viktigaste produksjonsanlegget for Arbor-Trading A/S, som var grunnlagt i 1957 og er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen. På tettstaden ligg også ein sørsamisk internatskole og det sørsamiske kultursenteret Sijti Jarnge. I sentrum står Hattfjelldal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1868.[1]
Hovudvegsambandet gjennom Hattfjelldal er riksveg 73, som går frå E6 ved Trofors i Grane kommune via Hattfjelldal tettstad over riksgrensa til E12 ved Västansjö like vest for Tärnaby i Sverige.
Frå tettstaden følgjer fylkesveg 804 Susendalen om lag 23 kilometer sørover til Ivarrud. Herfrå går fylkesveg til Susendalskroken og kommunal veg vidare til Harrvassdal.[2] Like sør for Hattfjelldal tettstad ligg ein liten flyplass, Hattfjelldal flyplass.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Hattfjelldal - tettstedet». Store norske leksikon. 27. mars 2016. Henta 28. mai 2017.
- ↑ «Hattfjelldal». Store norske leksikon. 7. april 2016. Henta 28. mai 2017.