BBC One

(Omdirigert frå BBC1)

BBC One (tidlegare: BBC1) er den eldste fjernsynsstasjonen i verda. Han er den fyrste, og i byrjinga den einaste, kanalen til BBC og byrja å kringkaste regulære sendingar som BBC Television Service 2. november 1936. BBC hadde på førehand kringkasta prøvesendingar i mange format sidan 1929. Stasjonen hadde monopol på fjernsynssendingar i Storbritannia fram til 1955ITV byrja sendingane sine. Han er ein av dei viktigaste kanalane i Storbritannia og tilbyr eit stort utval av nyhende, komediar, drama, konkurransar, barneprogram, kunst og nokre utdanningsprogram og religiøse program.

BBC One

Lansert2. november 1936
Eigd avBritish Broadcasting Corporation
LandStorbritannia
Språkengelsk
HovudkontorLondon
Nettstadhttps://www.bbc.co.uk/bbcone/