Zahir-ud-din Mohammad Babur (14. februar 148326. desember 1530), kjend som Babur, var ein sentralasiatisk herskar av Fergana som erobra store område og grunnla det indiske Mogulriket.

Babur

Fødd 14. februar 1483
Andizjan
Død

26. desember 1530 (47 år)
Agra

Yrke lyrikar, sjølvbiograf, monark, skribent
Språk Tsjagataisk, persisk, arabisk
Religion Islam
Far Umar Shaikh Mirza II
Mor Qutlugh Nigar Khanum
Ektefelle Aisha Sultan Begum, Mubarika Yusufzai, Maham Begum, Masuma Sultan Begum, Zainab Sultan Begum
Partnar Baburi Andijani
Babur på Commons

Etter slaget ved Panipat i 1526 og sigeren over Rana Sangram Singh av Mewar året etter, herska han over eit rike som strekte seg frå Oxus til Bengal.

Babur skreiv memoara sine på tsjagatai-tyrkisk. Han skreiv også poesi både på tyrkisk og persisk, og etterlét seg ei lærebok i metrikk og retorikk.

Kjelder endre

«Zahir al-Din Muhammad Babur» (10. juli 2009) i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.