Baby Driver er ein actionfilm frå 2017, skriven og regissert av Edgar Wright. Ansel Elgort speler hovudrolla som fluktsjåføren «Baby», som ønksjer å frigjera seg frå livet som kriminell saman med kjærasten Debora (Lily James). Kevin Spacey, Jon Hamm, Eiza González, Jamie Foxx og Jon Bernthal deltek i støtteroller. Eric Fellner og Working Title Films-partnaren Tim Bevan produserte Baby Driver i samarbeid med Nira Park frå Big Talk Productions. Sony og TriStar Pictures handsama den kommersielle distribusjonen av filmen. Baby Driver vart finansiert gjennom ei samproduksjonspakt mellom TriStar og MRC, i tillegg til skattesubsidiar frå dei statlege styresmaktene i Georgia.

Baby Driver
RegiEdgar Wright Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Tim Bevan Sjå dette på Wikidata
ManusEdgar Wright Sjå dette på Wikidata
MedverkandeAnsel Elgort, Kevin Spacey, Lily James, Jon Bernthal, Jon Hamm, Jamie Foxx, Eiza González, CJ Jones Sjå dette på Wikidata
KlippPaul Machliss Sjå dette på Wikidata
MusikkSteven Price Sjå dette på Wikidata
SjeffotografBill Pope Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapBig Talk Productions Sjå dette på Wikidata
DistributørTriStar Pictures, InterCom, Netflix, Hulu Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato28. juni 2017 (USA)
Lengd113 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandStorbritannia, USA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening226,9 millionar USD
Sjangerkrimkomedie, actionkomedie, eventyrfilm, actionfilm Sjå dette på Wikidata

Wright utvikla Baby Driver over ein drygt tjueårs periode. Han kom på ideen i ungdommen, og dei tidlege erfaringane hans innan regi forma ytterlegare ambisjonane for Baby Driver. Filmen var opphavleg sett til Los Angeles, men Wright reviderte settinga til Atlanta og integrerte etosen til byen som ein del av forteljinga. Hovudfilminga vart utført i Atlanta i løpet av fire månader, frå februar til mai 2016. Produksjonen innebar planlegging av omhyggeleg koordinerte stunt, koreografi og kameraopptak. Kritikarar har gjort tematiske studiar av filmen, med vekt på bruken av fargesymbolikk og fokuset på utviklinga av moralen til hovudpersonen.

Baby Driver hadde premiere på South by Southwest-festivalen den 11. mars 2017, og vart utgjeven i Nord-Amerika og i Storbritannia den 28. juni. Filmen fekk positiv mottaking i pressa for gjennomføringa og stilen, sjølv om karakteriseringa og manuskriptet fekk sporadisk kritikk. National Board of Review valde Baby Driver som ein av toppfilmane i 2017. Filmen tente inn 226 millionar US-dollar internasjonalt, styrkt av positiv folkeleg omtale og avtakande interesse for blockbuster-filmar. Baby Driver vart nominert til ei rekkje prisar, inkludert tre Oscar-prisar, to BAFTA Film Awards (vann prisen for redigering), to Critics' Choice Awards (vann nok ein pris for redigering) og ein Golden Globe Award, i tillegg til fleire andre prisar, hovudsakleg for den tekniske prestasjonen. Suksessen til Baby Driver har auka studiointeressa i å produsera ein oppfølgjar.

Handling endre

Baby er ein fluktsjåfør i Atlanta. Som barn overlevde han ei bilulukke der begge foreldra vart drepne og som etterlot han med tinnitus. Baby finn katarsis i musikk og bruker vanlegvis ein av sine mange iPodar for å døyva tinnitusen med musikken. Han køyrer på mannskapar av bandittar hyra av den kriminelle meisterhjernen Doc, som kompensasjon for eit tjuveri av ein bil som inneheldt verdisaker stolne av Doc. Mellom jobbane remiksar Baby opptak av samtalar og ser til den dauve fosterfaren sin, Joseph. På serveringsstaden Bo's Diner møter han ei servitrise som heiter Debora, og dei byrjar å deita. Det neste ranet Baby er sjåfør for går gale etter at ein væpna tilskodar jagar etter dei, men Baby greier å unngå både han og politiet. Etter å ha betalt ned gjelda si, avsluttar Baby livet som kriminell og byrjar å levera pizzaer. Doc dukkar opp under eit stemnemøte mellom Baby og Debora, og insisterer på at Baby blir med på eit ran av eit postkontor, elles trugar han med å skada Debora og Joseph.

Mannskapen for det neste ranet består av den makelege Buddy, skarpskyttar-kona hans Darling og den skyteglade Bats, som straks viser seg å mislika Baby. Når mannskapen prøver å kjøpa ulovlege skytevåpen, kjenner Bats att ein av forhandlarane som ein hemmeleg agent og opnar eld. Dei drep dei fleste forhandlarane. Etterpå får Bats Baby til å stoppa innom serveringsstaden der Debora arbeider, utan å kjenna til kjærleiken mellom dei. Baby, klar over dei mordariske vanane til Bats, hindrar han i å drepa henne for å unngå å betala. Når gruppa vendar attende til hovudkvarteret er Doc rasande og avslører at forhandlarane var «dirty cops» han hadde på lønningslista. Doc bestemmer seg for å avlysa heile ranet, men mannskapen overstyrer han. Baby prøver å koma seg unna seint den kvelden, i håp om å henta Debora og forlata Atlanta, men blir stoppa av Buddy og Bats, som har oppdaga lydopptaka til Baby og mistenkjer han for å vera ein informant. Baby overtyder dei og Doc om at han er uskuldig ved å spela av eit band med ein av remiksane sine. Under ranet drep Bats ein vaktmann. Baby vel i avsky å ikkje køyra bilen, som resulterer i at Bats klabbar til han.

Baby startar bilen og køyrer inn i eit lass armeringsjern som spiddar Bats og drep han. Baby, Buddy og Darling flyktar så til fots. Når Darling blir drepen i ein skyteepisode, klandrar Buddy Baby for tapet av kona og lovar å drepa han. Baby stel ein bil og flyktar til leilegheita si. Etter å ha fått sendt Joseph til ein pleieheim for pengane han har tent som fluktsjåfør, skundar Baby seg for å henta Debora på Bo's Diner, der han finn Buddy som ventar på han. Baby skyt Buddy og flyktar med Debora medan politistyrkar kjem inn i restauranten. Dei drar tilbake til hovudkvarteret til Doc, som i utgangspunktet nektar å la Baby ta attende eit av lydopptaka sine, sjølv om det berre inneheld mora hans som syng, men gjev seg når Debora kjem for å trøysta Baby. Doc forsyner paret med kontantar og ei fluktrute ut av landet, og seier at han også var forelska ein gong. Politiet som overlevde våpenhandelen tidlegare konfronterer Baby, Debora og Doc i parkeringshuset, og Doc drep alle.

Buddy dukkar deretter opp og drep Doc, og ein katt-og-mus-leik følgjer fram til Buddy får overtaket på Baby. Han fyrer av ein pistol ved kvart av øyra til Baby som blir mellombels døyva, før Debora treff Buddy med eit brekkjern. Baby skyt Buddy i beinet og Buddy fell ned i døden. Debora flyktar frå åstaden med Baby. Neste dag møter Debora og Baby ei vegsperring med politistyrkar, og Baby vel å overgje seg. Under rettssaka vitnar Joseph, Debora og andre personar, som vart råka av brotsverka Baby deltok i, til hans forsvar, der dei nemner dei godhjarta handlingane og medkjensla til Baby. Han blir dømt til 25 års fengsel, med prøvelauslating etter fem år. Debora held kontakten med Baby under fengslinga og når han blir lauslaten ventar ho på han utanfor fengselsportane i ein veteranbil.

Mogeleg oppfølgjar endre

Suksessen til Baby Driver har auka studiointeressa i å produsera ein oppfølgjar. Diskusjonar om ein oppfølgjar byrja i desember 2017, då Wright kunngjorde intensjonen om å utvikla manuset til pressa. Forfattar-regissøren byrja å skissera manuset i januar 2019, og introduserte eit ensemble av nye karakterar for å fremja historia. I juli hadde Wright vist Elgort ein kopi av det fullførte manuset under ein mellombels arbeidstittel. I januar 2021 stadfesta Wright at han var ferdig med å skriva manuset til oppfølgjaren.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Baby Driver