Bacchus

For drueslaget, sjå drueslaget bacchus.

Bacchus (latin Bácchus, klassisk gresk Βᾰ́κχος, Bákkhos, moderne gresk Βάκχος, Vákchos) var i romersk mytologi guden for vin og rus.[1]

Bacchus av Caravaggio.

Han var den romerske versjonen av den greske guden Dionysos. Bacchus blei fyrst framstilt som ein mann med skjegg, men senare blei han framstilt som ein unggut. Han var gift med Ariadne[2] (prinsessa som, etter gresk mytologi, hjelpte helten Theseus til å drepa minotauren).

Romarane sine ville feiringar av Bacchus blei kalla bakkanal (latin bacchanalia).

KjelderEndra

  1. Detienne, Marcel, Dionysos at Large, tr. by Arthur Goldhammer, Harvard University Press, 1989. ISBN 0-674-20773-4.
  2. Malmberg, Carl-Johan. «Ariadne upphör aldrig att fascinera | SvD». SvD.se (på svensk). Henta 21. mai 2018. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Bacchus