Bad Kissingen
Bad Kissingen | |||
---|---|---|---|
Bad Kissingen rundt 1900 | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Delstat |
Tyskland Bayern | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 69,42 km² | ||
Innbyggjarar | 20 802 | ||
Høgd over havet | 220 m | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 97688 | ||
Nettstad: www.badkissingen.de | |||
Plassering | |||
Bad Kissingen er ein større krinsby som ligg nordvest i den tyske delstaten Bayern, nær grensa til Hessen. Byen ligg ved elva Fränkische Saale sør for Rhön-fjella, og er kjend som ein kurbadby. Han har rundt 20 000 innbyggjarar. Han høyrer til i Regierungsbezirk Unterfranken og er hovudsete i Landkreis Bad Kissingen
Byen er kjend for sine helsebringande kjelder, som blei påviste i år 823. Kissingen blei omtala som by fyrste gong i 1279.
Under Main-felttoget i Den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866, kjempa preussiske og bayerske troppar mot kvarandre i Slaget ved Bad Kissingen.
Rikskanslar Otto von Bismarck var ein dei meir prominente gjestane ved kurbadet, og han vitja byen fleire gonger (sjå Kissingen-diktatet). I dag har Kissingen difor eit Bismarck-museum.
Bad Kissingen er og kjend for sin årlege musikkfestival Bad Kissinger Sommar.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad for Bad Kissingen Arkivert 2011-11-04 ved Wayback Machine.