Badminton er eit innandørs ballspel som blir spelt med to strenga racketar og ein fjørball eller høne. Badminton kan spelast single; dvs. éin mot éin, eller double; to mot to over eit nett på tvers av bana. Ein må volleyslag, altså slå høna før ho treffer golvet.

Badminton-racketar.

Spelet endre

Når ein servar i badminton, må ein kasta opp høna til seg sjølv og slå henne over nettet. Ein skal serva frå høgre spelefelt diagonalt over nettet til motstandarens høgre spelefelt. Badminton skil seg frå tennis ved at det er tillate at høna kan vera borti nettkanten, berre ho fell ned på riktig spelefelt. Dette er ikkje tillate med ballen i ein tennisserve.

Ein har vunne ei ballveksling når motstandaren anten ikkje greier å slå høna før ho går i golvet, eller slår høna slik at ho treffer nettet, under nettet eller utanfor motstandarens spelehalvdel. Viss servaren vinn ballvekslinga, held han fram med å serva. Han vekslar då mellom å serva frå høgre spelehalvdel og venstre spelehalvdel annankvar gong. Viss motstandaren vinn ei ballveksling, overtek han serven.

I badminton får ein eitt poeng for kvar ballveksling ein vinn, uansett om ein servar eller ikkje. Den fyrste som når 21 poeng, vinn settet. Blir stillinga 20-20, speler ein vidare i eit omspel som må vinnast med to poeng. Dersom stillinga blir 29-29, vil den som vinn neste ballveksling vinna settet 30-29. Ein kamp går inntil tre sett, og ein vinn spelet når ein har vunne to av tre sett.

 
Høner med ekte gåsefjør.

Historie endre

Namnet badminton kjem frå Badminton House i Gloucestershire i England. Badminton House var eigedommen til hertugen av Beaufort, og idretten vart spelt her allereie i 1870-åra. Den fyrste norske badmintonklubben vart skipa i 1930 i Ålesund. Norges Badminton Forbund vart skipa i 1938.

Frå og med sommar-OL 1992 har badminton vorte spelt i OL. Dei som har vorte olympiske meistrar så langt alltid vore idrettsutøvarar frå Kina, Sør-Korea, Indonesia. Unntaket var under sommar-OL 1996 i Atlanta, då Poul-Erik Høyer Larsen vart olympisk meister for Danmark.[1] Ein arrangerer også VM og fleire andre tevlingar innan idretten.

Norske olympiske badmintonspelarar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre