Baiji
- Denne artikkelen handlar om byen i Irak. For delfinarten, sjå kinesisk elvedelfin.
Baiji (arabisk بيجي; òg skrive Bayji) er ein by på kring 200 000 innbyggjarar i Nord-Irak. Han ligg kring 210 km nord for Bagdad langs hovudvegen til Mosul. Byen er eit stort industrisenter mest kjend for oljeraffineriet som er det største i Irak, og har eit stort kraftverk. Baiji er eit nasjonalt jernbaneknutepunkt i Irak og ligg langs Bagdadbanen mellom Bagdad, Mosul og Kirkuk.
Baiji | |||
Bayji, arabisk بيجي | |||
by | |||
Bayji gjødselsfabrikk i februar 2008
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salah ad Din | ||
Høgd | 125 moh. | ||
Folketal | 200 000 | ||
Baiji 34°55′45″N 43°29′35″E / 34.929166666667°N 43.493055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Bayji |
Under Irak-krigen vart fleire av installasjonane i byen øydelagd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baiji» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2021.