Bajkalsk (russisk Байка́льск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg på sørsida av Bajkalsjøen, rundt 80 km sør for Irkutsk.

Bajkalsk
Байкальск
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Bajkalsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1961
1966
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

14 950
Koordinatar 51°33′00″N 104°03′00″E / 51.55000°N 104.05000°E / 51.55000; 104.05000
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 39542

Han vart grunnlagd i 1961 ved opninga av ein cellulosefabrikk ved Bajkalsjøen. Han fekk bystatus i 1966.

Rundt 3500 personar er direkte tilsett ved fabrikken. I sovjettida var fabrikkleiinga òg direkte ansvarleg for drifta av byen. Drifta av byen og fabrikken er nå sjølvstendige frå kvarandre, men 95% av inntektene til byen kjem framleis i form av skatt frå fabrikken og dei tilsette her.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.