Bajkalsjøen (russisk О́зеро Байка́л, Ozero Bajkal; burjatisk Байгал нуур Bajgal nuur) er ein innsjø i det sørlege Sibir i Russland, mellom Irkutsk oblast i nordvest og Burjatia i søraust, nær Irkutsk. Han vert òg kalla «Det blå auga i Sibir».

Bajkalsjøen
innsjø
Land  Russland
Innsjøtype Riftsjø
Tilsig Selenga, Tsikoj, Khilokh, Uda, Barguzin, Øvre Angara
Utløp Angara
Nedslagsfelt 560 000 km²
Opphaldstid 350 år
Høgd over havet 456 moh.
Lengd 636 km
Breidd 79 km
Areal 31 494 km²
Middeldjupn 758 m
Volum 23 600 km³
Kystlengd1 2 100 km
Tilfrosen Januar–mai
Koordinatar Koordinatar: 53°30′N 108°12′E
Øyar 22 (Olkhon)
Byar Irkutsk
Kart
Bajkalsjøen
53°18′10″ N 108°0′17″ E
Wikimedia Commons: Lake Baikal
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Med ei djupne på 1637 meter er han den djupaste innsjøen i verda[1] og den største innsjøen i verda ut frå volum. Innsjøen inneheld om lag 20 % av det totale ferskvatnet som finst på jordoverflata.[2]

Som Tanganyikasjøen er Bajkalsjøen forma i ein eldgamal riftdal og er difor lang og halvmåneforma med eit overflateareal på 31 500 km². Bajkal har over 1700 dyre- og planteartar og to tredelar av desse finst ingen andre stader i verda.[3] Han vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 1996.[4] Med ein alder på over 25 millionar år er han den eldste innsjøen i verda.[2]

Geografi og hydrografi endre

 
Halvøya Svjatoj Nos.

Bajkalsjøen vart kalla «Nordsjøen» i historiske kinesiske tekstar. Han låg då i Xiongnu-området og særs lite var kjend om innsjøen før den transsibirske jarnvegen vart bygd i området mellom 1896 og 1902. Den naturskjønne jarnbana som går rundt Bajkalsjøen krev 200 bruer og 33 tunnelar. Då han vart bygd vart det utført ei stor hydrografisk kartlegging av F.K. Drizjenko som gav dei fyrste detaljerte karta av djupnene i Bajkal. Kartlegginga viste at Bajkalsjøen inneheld meir vatn enn Dei store sjøane i Nord-Amerika til saman - 23 600 km³, eller om lag ein femdel av det samla flytande ferskvatnet på jordoverflata.[5] Alderen og den isolerte plasseringa gjer at innsjøen har noko av det rikaste og mest uvanlege dyrelivet i verda, noko som gjev han stor verdi for utforsking av evolusjon.[2]

Bajkalsjøen ligg i ein riftdal danna av Bajkal riftsone, der to jordskorpeplater dreg frå kvarandre.[6] Med ei lengd på 636 km og ei breidd på opp mot 79 km er Bajkalsjøen den største ferskvassinnsjøen i Asia (31 494 km²) og er den djupaste innsjøen i verda (1637 m). Botnen av innsjøen ligg 1371 meter under havnivå, men under dette ligg 7 km med sediment, og botnen av rifta er dimed 8–9 km under overflata, den djupaste kontinentalrifta på jorda.[6]. Geologisk sett er rifta ung og aktiv, og ho utvidar seg med to centimeter i året. Forkastingssona er òg seismisk aktiv. Det er varmekjelder i området og merkbare jordskjelv med få år mellom. Innsjøen drenerer ut i Angaraelva, som er ei sideelv av Jenisej.

 
Nedslagsfeltet til Jenisej, Bajkalsjøen og busetnadane Dikson, Dudinka, Turukhansk, Krasnojarsk, Irkutsk.

Alderen på innsjøen er estimert til 25-30 millionar år, noko som gjer han til ein av dei eldste innsjøane i geologisk historie. Han er unik av dei store innsjøane på høgare breidder fordi sedimenta i innsjøen ikkje har vorte rørte av kontinentale isbrear. Amerikanske og russiske studiar av sedimenta i 1990-åra gav detaljerte data om klimavariasjonar dei siste 250 000 åra. Det er planlagt å bore djupare i sedimenta for å sjå lenger tilbake. Bajkalsjøen er òg den einaste ferskvassjøen der ein finn direkte og indirekte spor på gasshydrat.[7][8][9]

Innsjøen er heilt omgjeven av fjell. Bajkalfjella på nordsida og taigaen her er verna som ein nasjonalpark. Bajkalsjøen inneheld 22 øyar og den største av desse er Olkhon, som er 72 km lang. Denne øya er den fjerde største øya i ein innsjø i verda. Innsjøen får vatn frå om lag 330 elvar.[10] Dei største som renn direkte ut i Bajkalsjøen er Selenga, Barguzin, Øvre Angara, Turka, Sarma og Snezjnaja. Han har berre eitt utløp, elva Angara.

Sjølv om han er så djup er vatnet i innsjøen godt blanda og oksygenrikt, samanlikna med lagdelinga ein finn i vassmassar som Tanganyikasjøen og Svartehavet.

Dyre- og planteliv endre

 
Omul-fisk på marknaden i Listvjanka.

Det biologiske mangfaldet i Bajkalsjøen er det berre få andre innsjøar som kan vise til. Bajkalsjøen inneheld 1085 planter og 1550 dyreartar og variantar. Over 80 % av dyra er endemiske. Epischura baikalensis er endemisk for Bajkalsjøen og er det dominerande dyreplanktonet her og utgjer 80 til 90 % av den totale biomassen.[11] Bajkalselen eller nerpa (Phoca sibirica) finst i heile Bajkalsjøen. Det finst berre tre ferskvasselar i heile verda, og dei to andre er underartar av ferskvassringsel. Kanskje den viktigaste lokale arten er omul (Coregonus autumnalis migratorius), ein liten endemisk laksefisk. Han vert fiska, røykt og seld på marknader rundt innsjøen.

Andre merkverdige artar er golomjanka eller bajkaloljefisk (Comephorus baicalensis og C. dybowskii). Desse langfinna, gjennomsiktige fiskane lever vanlegvis i djupner på 200 til 500 meter og er den største matkjelda for bajkalselen, og utgjer den største fiskemassen i innsjøen. Dei er kjende fordi fisken løyser seg opp til olje og bein om han vert utsett for sollys. Bajkalharren (Thymallus arcticus baicalensis), ein snøggsymjande laksefisk, er ein populær fisk å prøve å ta for sportfiskarane. Både denne og bajkalstøren (Asipenser baerri baicalensis) er båe endemiske artar med kommersiell verdi.

Bjørn og hjort er vanlege langs breidda av Bajkalsjøen.

 
Is frå Bajkal
 
Bilveg over den isdekte Bajkalsjøen.

Forsking endre

Fleire organisasjonar held på med forskingsprosjekt rundt Bajkalsjøen. Dei fleste av dei er statsstyrte eller tilknytte statlege organisasjonar. Det bajkalske forskingssenteret er ein sjølvstendig forskingssorganisasjon som forskar på Bajkalsjøen.[12]

I juli 2008 sende Russland to små ubåtar, «Mir-1» og «Mir-2», ned til 1580 meter på botnen av Bajkalsjøen for å gjere geologiske og biologiske testar av det unike økosystemet.

Nøytrinoteleksop i Bajkalsjøen endre

Sidan 1993 er det forska på nøytrinoar med eit undervassteleskop (BDUNT) i Bajkalsjøen. Teleskopet vart bygt over fleire år frå 1995 til 1998 på ei djupne på 1100 meter og har 192 optiske modular. Her har ein fanga inn 320 millionar muonar for å velje ut nøytrinohendingar.[13]

Turisme endre

 
Innsjøen om vinteren sett frå turiststaden Listvjanka. Isen er tjukk nok til å bere folk og snøskuterar.

Innsjøen vert kalla «Perla i Sibir» og under dei økonomiske oppgangstidene i Russland auka turistindustrien i ormådet.[14] Viktor Grigorov sitt selskap Grand Baikal i Irkutsk er ein av investorane som har planlagd tre hotell som vil skape 570 arbeidsplassar. I 2007 oppretta den russiske regjeringa ei spesiell økonomisk sone. Den populære feriestaden Listvjanka har fleire hotell. Bajkalsjøen vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 1996. Rosatom har planar om å byggje laboratorium i Bajkal i samband med eit internasjonal uranverk og skape 2000 arbeidsplassar i byen Angarsk.[15]

Miljøproblem endre

Bajkalsk cellulose- og papirfabrikk endre

 
Innsjøen om sumaren sett frå Bolsjije Koty på sørvestkysten.

Bajkalsk cellulose- og papirfabrikk vart bygd i 1966 like ved strandlina. Fabrikken bleikjer papiret med klor og slepper ut avfallet i Bajkalsjøen. Trass i mange protestar er fabrikken framleis i drift på same vis. Miljøaktivistar prøver no å få fabrikken til å reinse avfallet i staden for å leggje ned fabrikken fordi han gjev verdfulle arbeidsplassar.[16]

Den planlagde Austsibir-Stillehavs-røyrleidninga endre

Det russiske oljerøyrleidningsselskapet Transneft[17] planla å byggje ein røyrleidning berre 800 meter frå innsjøen i eit område med mykje seismisk aktivitet. Miljøaktivistar i Russland[18], Greenpeace, motstandarar mot Bajkalrøyrleidninga[19] og lokale innbyggjarar[20] ytte sterk motstand mot desse planane på grunn av dei store fylgjene eit eventuelt oljesøk ville fått for miljøet. Det var fyrst når den russiske presidenten Vladimir Putin gav selskapet ordre om ei alternativ rute 40 km lenger nord for å unngå ein slik økologisk risiko at Transneft gjekk med på å endre planane sine.[21]

Arbeidet på røyrleidningen tok til to dagar president Putin gav løyve til endringa av ruta bort frå Bajkalsjøen.[22]

Planlagt atomkraftverk endre

I 2006 annonserte dei russiske styresmaktene planane om å byggje den fyrste internasjonale uranrikingssenteret i verda ved eit eksisterande atomverk i Angarsk, 95 km frå kysten av Bajkalsjøen. Planane har derimot fått kritikk på grunn av fylgjene eit eventuelt uhell kan få for området.[23]

Etter at uranet er rikt, vert berre 10 % av det radioaktive materialet sendt til kundar i utlandet,[23] medan 90 % vert lagra i Bajkalregionen. Avrenning frå uranet er radioaktivt og giftig og særs farleg for menneske og dyr, og kan ureine elvar og innsjøar.[23]

Kjelder endre

  1. «Deepest Lake in the World». geology.com. Henta 16. august 2008. 
  2. 2,0 2,1 2,2 U.S. Geological Survey Fakta om Bakjalsjøen - A Touchstone for Global Change and Rift Studies, Juli 1993 - vitja 16. august 2008
  3. «Russia.» Britannica Student Encyclopedia. 2007. Encyclopædia Britannica Online. [1]
  4. «Lake Baikal — World Heritage Site». World Heritage. Henta 16. august 2008. 
  5. «Lake Tahoe and Lake Baikal Watersheds». Tahoe-Baikal Institute. Henta 16. august 2008. 
  6. 6,0 6,1 «The Oddities of Lake Baikal». Alaska Science Forum. Henta 16. august 2008. 
  7. Kuzmin, M.I., et al., 1998. First find of gas hydrates in sediments of Lake Baikal. Doklady Adademij Nauk, 362: 541–543 (russisk).
  8. Vanneste, M., et al., 2001. Multi-frequency seismic study of gas hydrate-bearing sediments in Lake Baikal, Siberia. Marine Geology, 172, 1–21.
  9. Van Rensbergen, P., et al., 2002. Sub-lacustrine mud volcanoes and cold seeps caused by dissociation of gas hydrates in Lake Baikal. Geology, 30(7), 631–634.
  10. «Lake Baikal: the great blue eye of Siberia». CNN.com. Henta 16. august 2008. 
  11. Зоопланктон в экосистеме озера Байкал / О Байкале.ру — Байкал. Научно и популярно, arkivert frå originalen 19. april 2008, henta 16. august 2008 
  12. «Baikalian Research Centre (ANO) (russisk)». www.lakebaikal.net. Henta 16. august 2008. 
  13. «Baikal Lake Neutrino Telescope». Baikalweb. 6. januar 2005. Henta 16. august 2008. 
  14. Tom Esslemont (2007). «'Pearl of Siberia' draws investors». BBC News. Henta 16. august 2008. 
  15. BBC NEWS, 'Pearl of Siberia' draws investors
  16. Sacred Land Film Project, Lake Baikal.
  17. «Transneft». Transneft. Henta 16. august 2008. 
  18. «Baikal Environmental Wave». Henta 16. august 2008. 
  19. «Baikal pipeline». Henta 16. august 2008. 
  20. «The Right to Know: Irkutsk Citizens Want to be Consulted». Henta 16. august 2008. 
  21. «Putin orders oil pipeline shifted». BBCNews. 26. april 2006. Henta 16. august 2008. 
  22. «Work starts on Russian pipeline». BBC News. 28. april 2006. Henta 16. august 2008. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Saving the Sacred Sea: Russian nuclear plant threatens ancient lake

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bajkalsjøen