Bakewell
Bakewell er ein liten marknadsby i grevskapet Derbyshire i England. Han har kring 4000 innbyggjarar. Han er den einaste byen som ligg innanfor Peak District nasjonalpark og er kjend for den lokale Bakewell-puddingen. Byen ligg ved elva Wye, om lag 21 km sørvest for Sheffield, 50 km søraust for Manchester og 48 km nord for Derby.
Bakewell | ||
---|---|---|
Bakewell All Saints soknekyrkje frå sør | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Derbyshire | |
Distrikt | Derbyshire Dales | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
3 979 | |
Koordinatar | 53°13′N 1°41′W / 53.217°N 1.683°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DE45 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1629 | |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bakewell» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011.