Peak District
Peak District er eit høglandsområde i det sentrale og nordlege England. Det ligg for det meste i Derbyshire, men òg innanfor Cheshire, Staffordshire, samt South og West Yorkshire. Det meste av det er inkludert i Peak District nasjonalpark, som var den første nasjonalparken i Storbritannia. Parkgrensane vart trekt slik at ein unngjekk å få med byar, men Buxton er praktisk talt omringa av parken.
Peak District nasjonalpark | |||
«The Peaks» | |||
Nasjonalpark i England | |||
Mam Tor i Peak District nasjonalpark
| |||
Offisielt namn: Peak District | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Derbyshire, Cheshire, Greater Manchester, Staffordshire, South Yorkshire, West Yorkshire | ||
Høgaste punkt | |||
- stad | Kinder Scout, Derbyshire | ||
• høgd | 636 moh. [1] | ||
Areal | 1 437 km² [2] | ||
Folketal | 38 100 (2000)[2] | ||
Geologi | hard korna sandstein, kalkstein | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
For ålmenta | Somme området opne for ålmenta | ||
Vitjande | 22 millionar [3] | ||
IUCN-kategori | V - Verna område | ||
Peak District 53°21′00″N 1°50′00″W / 53.35°N 1.8333333333333°W | |||
Peak District nasjonalpark
| |||
Wikimedia Commons: Peak District |
Området vert gjerne delt inn i den nordlege delen Dark Peak, der ein finn mykje myrlandskap, og den sørlege White Peak som er det mest folkesette området. Ifølgje parkstyresmaktene er Peak District den nest mest populære nasjonalparken i verda.
White Peak er eit kalksteinsområde, noko som medfører at det er mange grotter der. Under Dark Peak finn ein skifer og sandstein. Det høgaste punktet er toppen på Kinder Scout.
Historie
endreMasseinntrengningen på Kinder Scout var ein sivil ulydigheitsaksjon som vart gjennomført i 1932, og som var eit vasskilje for kampanjen for nasjonalparkar og fri tilgjenge til myrheiene. 17. april 1951 vart Peak District den første nasjonalparken i landet.
Den første langdistanseturvegen i landet er òg knytt til Peak District; Pennine Way byrjar i landsbyen Edale i hjartet av området.
Mange trur at namnet Peak District kjem av ordet peak, som tyder 'fjelltopp'. Dette stemmer ikkje; namnet kjem frå pict, ein referanse til jernalderfolket som levde i området, viss kultur truleg overlevde lengst nettopp i Derbyshire. Keltiske og pre-keltiske skikkar og festivalar har sett spor som ein enno kan sjå.
Galleri
endre-
Burbage Rocks
-
Castleton
-
Dale Bottom - Hathersage
-
Dunford Bridge
-
Hepworth
-
Higger Tor
-
Holmfirth
-
Holme, West Yorkshire
-
Holme Moss Radio Tower
-
Scholes
-
The Rising Sun
-
Toad's Mouth
-
Totties
-
Upper Holme Valley
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peak District» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2011.
- ↑ Nuttall, J.; Nuttall, A. (1990). The Mountains of England & Wales - Volum 2: England. Milnthorpe: Cicerone. ISBN 1-85284-037-4. Henta 19. juli 2011.
- ↑ 2,0 2,1 «The Peak District National Park - Fact Zone». PDNP Education. 2000. Arkivert frå originalen 8. mars 2010. Henta 19. juli 2011.
- ↑ Holloway, J. C.; Taylor, N. (2006). The Business of Tourism (7. utg.). Pearson Education. s. 149. ISBN 0-273-70161-4. « ... the Peak District being the most popular- claimed to be the second most visited National Park in the world, after Mount Fuji in Japan, with over 22 million visitors annually ...»