Bakhmut (ukrainsk skrift Бахмут) er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Han er det administrative senteret i Bakhmutskyi rajon. Han ligg ved elva Bahmutka kring 89 km frå Donetsk. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2005).

Bakhmut
Бахмут
by
Панорама міста Артемівськ 77.JPG
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Rajon Bakhmutskyi rajon
Koordinatar 48°35′29″N 38°4′50″E
Areal 41,6 km²
Folketal 80 655
Folketettleik 1 939 / km²
Grunnlagd før 1571

Artemivsk
48°36′16″ N 38°0′24″ E
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bakhmut

HistorieEndra

Det er spor etter etter ein busetnad her frå 1557, men byen vart offisielt grunnlagd i 1571 og er kalla opp etter elva han ligg ved. Busetnaden starta opphavleg som ein grenseovergang og vart seinare eit festningsvekr. I 1701 gav Peter I ordre om å byggje eit fort her og kalle byen Bakhmut. Fortet stod ferdig i 1703. Hausten 1705 erobra kosakkar leia av Ataman Kondrat Bulavin saltgruvene i Bakhmut salt[1], som seinare fekk byen til å bli eit av sentera for Bulavinopprøret og dei heldt byen til mars 1708. I 1783 fekk Bakhmut bystatus. I 1876 vart det oppdaga fleire saltførekomstar og det vart raskt bygd fleire gruver. I 1924 vart namnet på byen endra til Artemivsk, til ære for Artem, ein russisk bolsjevik som budde og arbeidde i byen dei første åra av revolusjonen. Namnet blei endra attende til Bakhmut i 2016.

Byen var okkupert av tyskarane frå 31. oktober 1941 til 9. mai 1943.

KjelderEndra