Wagnergruppa (russisk Группа Вагнера, Gruppa Vagnera eller ЧВK Вагнер, TsjVK Wagner: Частная военная компания Вагнера, Tsjastnaja voennaja kompanija Vagnera, «det private militærkompani Wagner») er ein paramilitær organisasjon i Russland. Wagnergruppa er ein privat, militær kontraktør som har teke del i ulike konfliktar.

Wagnergruppa
Skipa1. mai 2014
HovudkontorSt. Petersburg
LandRussland[1]
StyreleiarPavel Prigozjin (2023)

Wagnergruppa har mellom anna teke del i den syriske borgarkrigen med støtte til den syriske regjeringa, konfliktar i afrikanske land og krigen i Donbass for å hjelpa separatistiske krefter i utbrytarrepublikkane Donetsk og Lugansk, som seinare utvikla seg til fullskala invasjonen av Ukraina som Wagnergruppa òg tok del i. Gruppa er anklaga for krigsbrotsverk i Syria, Libya, Mali og Ukraina.[2][3]

Private militære organisasjonar er forbodne både i Russland, jamfør den russiske konstitusjonen og den russiske straffelova. Likevel har dei russiske styresmaktene late Wagnergruppa vera eit unntak.[4] Wagnergruppa var eigd og leia av Jevgenij Prigozjin, ein forretningsmann med nært samband til den russiske presidenten Vladimir Putin.[5]

I 2021 vedtok Noreg i samband med EU sanksjonar mot Wagnergruppa etter dei vart brukte til krigføring i Mali.[6]

Krigen i Ukraina

endre

Ved invasjonen av Ukraina 2022 vart Wagnergruppa omtala som «Putins private hær».[7] Mange soldatar i Wagnergruppa har tidlegare teke del i konfliktar i afrikanske land før dei tok del i krigen i Ukraina.[8]

Wagnergruppa deltok i massakren i Butsja.[9]

Ifylgje den russiske, Kreml-lojale avisa Komsomolskaya Pravda tok Wagnergruppa del i erobringa av eit ukrainsk kraftverk i Uglegorsk.[10]

Wagnergruppa var sentral i kampen om Bakhmut.[11]

I 2022 rekrutterte Wagnergruppa medlemer frå russiske fengsel. Fangar vart lova nåding viss dei vart med i den russiske invasjonen av Ukraina og overlevde i seks månader.[12][13][14] I Russland har berre president Vladimir Putin mynde til å benåda fangar.[15] I desember 2022 anslo John Kirby i det amerikanske Tryggingsrådet at Wagnergruppa hadde rekrutert 10 000 kontraktssoldatar og 40 000 fangar til krigen i Ukraina.[16] Mange av fangane vart sende til fronten med minimal militær trening og med dåleg utrusting.

Wagneropprøret

endre

Wagnergruppa har arbeidd tett med dei russiske styresmaktene og har fått mykje forsvarsmateriell frå Russland til å utføra «spesialoperasjonen i Ukraina».[17] Den 23. juni 2023 byrja gruppa eit opprør mot dei ordinære russiske styrkane og den russiske forsvarsleiinga under den pågåande invasjonskrigen mot Ukraina der gruppa har kjempa på russisk side. Den 24. juni 2023 sette 25 000 Wagnersoldatar kursen frå krigen i Ukraina mot Moskva for å få avsett forsvarsminister Sergej Sjojgu og sjef for generalstaben Valerij Gerasimov.[18] På vegen okkuperte dei militære basar i Rostov-na-Donu og Voronezj som medførte i at den russiske presidenten Putin erklærte nødtilstand i Moskva og andre område. Opprøret vart leitt av Jevgenij Prigozjin som skulda det russiske forsvarsdepartementet for dåleg forsvarsleiing og for å ha åtaka styrkane hans, i tillegg skulle Wagnergruppa avskaffast og verta innlema i det russiske forsvaret, noko som ikkje var likt av Prigozjin.[19] Opprøret vart likevel stansa kvelden til 24. juni, berre 20 mil sør for Moskva.[20]

Verksemd i afrikanske land

endre

Wagnergruppa har vore involvert i fleire konfliktar i afrikanske land:[21]

Kjelder

endre
  1. https://www.tvr.by/bel/news/obshchestvo/predstaviteli_inostrannoy_chastnoy_voennoy_kompanii_zaderzhany_v_belarusi_/; vitjingsdato: 1. mai 2023; språk på verket: belarusisk; utgjevingstidspunkt: 29. juli 2020.
  2. «Dette er Wagner-gruppen», www.vg.no (på norsk bokmål), 24. juni 2023, henta 24. juni 2023 
  3. «Prigozjin: Hevder Wagner-gruppen kontrollerer russiske militæranlegg», TV 2 (på norsk), 23. juni 2023, henta 24. juni 2023 
  4. «Russia’s (not so) Private Military Companies», Totalförsvarets forskningsinstitut, Sverige, januar 2019
  5. «Forretningsmann vedgår å stå bak Wagner-gruppen», VG, 26. september 2022
  6. Utenriksdepartementet (23. desember 2021). «Norge har sluttet seg til fellesuttalelse om Wagner-gruppen» (på norsk). Henta 3. april 2022. 
  7. «Putins private hær: Dette er den brutale Wagner-gruppen», www.aftenposten.no (på norsk), henta 24. juni 2023 
  8. «Putins mest fryktede soldater har ikke russisk flagg» (på norsk bokmål). Henta 3. april 2022. 
  9. «Wagner Group’s bloody year in Ukraine: From murder squad to cannon fodder» (på engelsk). 22. februar 2023. Henta 25. april 2023. 
  10. Cole, Brendan (29. juli 2022). «Russia's Mercenaries Playing Key Role As Putin Struggles With Losses: U.K.» (på engelsk). Henta 25. april 2023. 
  11. «Britisk etterretning: Wagner-gruppen har overtatt store deler av Bakhmut – VG Nå: Nyhetsdøgnet» (på norsk). Henta 25. april 2023. 
  12. Roth, Andrew; Sauer, Pjotr (10. februar 2023). «‘He’s really dangerous’: fear as Wagner convict soldiers return from Ukraine». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  13. Olsson, Svein Vestrum (12. august 2022), «Hevder Wagner-gruppen har rekruttert 3000 soldater fra russiske fengsler», NRK (på norsk bokmål), henta 24. juni 2023 
  14. Her rekrutterer Wagner-gruppen russiske fanger (på norsk), henta 24. juni 2023 
  15. Torres, Mario Andrès Neira (11. februar 2023). «Nå frykter vanlige russere hva Wagner-soldatene kan gjøre på hjemmebane» (på norsk). Henta 25. april 2023. 
  16. «Today's D Brief: Zelenskyy thanks Americans, lawmakers; North Korea sent arms to Wagner, WH says; Breaking down the omnibus; Germany's year ahead; And a bit more», Defense One, 22. desember 2022
  17. «Wagner-sjefen om Bakhmut: - Alvorlig fare for at Wagner omringes», www.vg.no (på norsk bokmål), 11. mai 2023, henta 24. juni 2023 
  18. Ulvin, Philippe Bédos (24. juni 2023), «Alt du trenger å vite om Wagner-opprøret», NRK (på norsk bokmål), henta 24. juni 2023 
  19. Darya Korsunskaya & Guy Faulconbridge. «Russia's Prigozhin in his own words on the 'mutiny'» (på engelsk). Reuters. Henta 26. juni 2023. 
  20. Mathias Revheim-Rafaelsen; Susanne Stubberud Rom & Daphne Steketee. «Kaosdøgnet i Russland: Dette skjedde» (på norsk bokmål). NRK. Henta 26. juni 2023. 
  21. «Dette gjør Wagner-gruppen i Afrika», www.panoramanyheter.no (på norsk bokmål), 10. februar 2023, henta 24. juni 2023 
  22. «Wagner: Scale of Russian mercenary mission in Libya exposed». BBC News (på engelsk). 10. august 2021. 
  23. Walsh, Declan (31. mai 2022). «Putin’s Shadow Soldiers: How the Wagner Group Is Expanding in Africa». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 
  24. Birmingham, May Darwich Førsteamanuensis i Internasjonale relasjoner i Midtøsten ved Universitetet i, «Sudan: Jo lenger konflikten varer, jo høyere er risikoen for en regional krig», afrika.no (på norsk bokmål), henta 24. juni 2023 
  25. Ripås, Johan (2. april 2023). «Så har Wagnergruppen blivit en maktfaktor i Centralafrikanska republiken». SVT Nyheter (på svensk). 
  26. Doxsee, Catrina; Thompson, Jared (11. mai 2022). «Massacres, Executions, and Falsified Graves: The Wagner Group’s Mounting Humanitarian Cost in Mali» (på engelsk). 

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Wagnergruppa