Bakk eller bakkdekk er ei nemning på eit fremre overbygg (dekk) på eit skip[1] som strekkjer seg frå forstamna og akterover. På seglskip er bakken føre fokkemasta.

Bakken på cruiseskipet RMS «Queen Elizabeth 2».

Bakken på seglskip var som regel opphalds- og sovekvarter for underordna mannskap. Uttrykket «å segla føre masta» inneber å ha fartstid som underordna sjømann. Den svenske visa Han hade seglat för om masten er innspelt på plate både av Harry Brandelius og Fred Åkerström med 40 års mellomrom.

Bakken vernar mot vatn på dekk og på moderne skip blir overbygget som regel brukt til lager og lettare hjelpemaskineri som t.d. ankerspel.

«Å slå bakk» er eit uttrykk som blir brukt om å bremsa eller bakke skipet ved hjelp av propellen.

«Bakk» er òg ei nemning på eit djupt fat, opphavleg laga i tre, som vart brukt til å servere mat om bord i skip.[1] I nyare tid vart matbakkar laga i rustfritt stål i ei rekkje storleikar og format og nemninga blir brukt åleine og i ei rekkje samanstillingar som potetbakk, suppebakk, sausebakk osb. Desse bakkane vart brukte til oppbevaring av varme matretter som var ferdiglaga i kjelar, panner og gryter i byssa fram til og under servering frå varmediskar eller vassbad.

I marinen er mannskapet delt inn i bakklag (bakkar) på 8 à 10 mann. Kvar bakk har ein formann, bakkformann, som held orden innan laget. Medlemmene i ein bakk henta før mat og vaska opp etter tur, og blei då sagt å ha bakkstørn. Offiseren som har spesielt tilsyn med eit eller flere bakklag blir kalla bakksoffiser.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «bakk». Store norske leksikon (på norsk). 30. juni 2014.