Ein marine er ei forsvarsgrein som hovudsakleg opererer på sjøen. Dei fleste statar med kystlinje har ein marine. Marinen er ofte særs forskjellig frå hæren og flyvåpenet når det gjeld organisering, uniformer og tradisjonar. Marinepersonell ber som regel marineblå uniformer i vintersesongen og kvite uniformer i sommarsesongen. I motsetnad til uniformene til hæren og flyvåpenet er marineuniformene som regel særs forskjellige mellom offiserar og verva/vernepliktig personell.

Den spanske armadaen

Ein moderne marine nyttar seg typisk av ein kombinasjon av skip, båtar og undervassbåtar, i tillegg til luftfartøy som opererer frå hangarskip, konvensjonelle krigsskip eller frå land.

Nokre marinar inneheld marineinfanteri som er spesialisert i amfibisk krigføring eller forsvar av skip.