Engsoleie
Engsoleie
Engsoleie
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Soleieslekta Ranunculus
Art: Engsoleie R. acris
Vitskapleg namn
Ranunculus acris

Bakkesoleie (Ranunculus acris), også kalla smørblom(e) og smørblomster, er ei svært vanleg plante i Noreg, og også vanleg elles i Europa. Han blir ofte kalla engsoleie (Ranunculus acris subsp. acris), men dette er systematisk sett ein underart. Her til lands veks ho i enger, kulturmark og frodig skogbotn, og finst til fjells opp i vierregionen. Planta er nasjonalblome på Færøyane, med namnet sólja.

Den noko hårete 2-7 cm høge planta har 1-2,5 cm breie gule blomstrar med fem overlappande kronblad med litt glans. Ho blomstrar frå mai til oktober. Fruktemnet på bakkesoleia er apokarp, dvs. at det er sett saman av mange delar med kvart sitt arr. Talet på pollenberarar er også stort og ulikt frå plante til plante. Blada på planta er tre- til femdelte med store flikar.

Giftig endre

Om ein tek ei frisk bakkesoleie, vert ranunculin frå snittet brote ned til protoanetonin. Dette kan gi hudirritasjonar, og planta bør derfor handsamast med varsemd. Utturking fører til at gifta går vekk, slika at engsoleie i høy er ufarleg. Dyr på beite skyr engsoleia, som derfor vert ståande att på beitemarkane.

Formeiring endre

Bakkesoleia vert pollinert av mange ulike insekt, som t.eks. fluger, biller, humler og bier, etter som ho ikkje har nokon spesielle tilpassingar.

Kjelder endre

  • Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.

Bakgrunnsstoff endre