Bakketun folkehøgskole

Koordinatar: 63°47′58.4″N 11°29′44.1″E

Bakketun folkehøgskole er ein kristen folkehøgskole som ligg i Verdal kommune i Trøndelag. Skolen ligg i gangavstand til Verdal sentrum og har plass til rundt 90 elevar i året. Skolen vart etablert i 1915 under namnet Bakketun ungdomsskole.

Bakketun folkehøgskole
Bakketun Folkehøgskole.jpg
Bakketun Folkehøgskole
Foto: Henny Stokseth
SkuletypeFolkehøgskole
Grunnlagd1915
FylkeTrøndelag
KommuneVerdal
TettstadVerdal
AdresseVolhaugvegen 40, 7654 Verdal
RektorErling Helland
EigarNormisjon
Kart
Bakketun folkehøgskole
63°47′58″ N 11°29′44″ E

Bakketun folkehøgskole er teikna av arkitekt Claus Hjelte og bygd i 1914–15. Den monumentale hovudbygningen i nybarokk stil med valmtak og symmetriske vindaugsaksar, er representativ for folkehøgskolebygningar frå den tida. Denne bygningen er freda.

Bakketun folkehøgskole er eigd av ein stiftelse knytt til Normisjon. Skolen er også knytt til Informasjonskontor for kristen folkehøgskole.

Linjefag ved skolen i 2015:Endra

  • Adrenaline
  • Capture; Perú, Film og Reiseliv
  • Idrett - O2
  • Teater og skuespillerarbeid
  • Musikk; Artist
  • Lydteknikk og musikkproduksjon
  • Challenge Explore
  • Sport Extreme Australia

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra