Bakteriofag λ
Bakteriofag λ
Bakteriofag λ
Systematikk
Rike: Heunggongvirae
Rekkje: Uroviricota
Klasse: Caudoviricetes
Orden: Caudovirales
Familie: Siphoviridae
Slekt: Lambdalikevirus
Art: Bakteriofag λ E. phage
Vitskapleg namn
Enterobacteria phage lambda

Bakteriofag λ er ein bakteriofag som snyltar på Escherichia coli. Han er ein av dei mest studerte modellsystema i molekylærbiologi og er vorten nytta som eit verktøy for å skjøna ulike fundamentale prinsipp i biologi, slike som genregulering og DNA-replikasjon.

Skjematisk teikning av bakteriofag λ
Illustrasjon av bakteriofag λ som har bunde seg til LamB

λ har eit symmetrisk ikosaederforma hovud med ein diameter på 60 nanometer og eit dobbelttråda DNA-molekyl på 48 502 basepar som genom. Han kan nytta seg av både lytisk og lysogen vekst.

λ har proteinet LamB som reseptor og bind seg til og sender DNA-et sitt gjennom denne. LamB er eit protein som sit på selleyta til E. coli og vert koda for av ein del av operonet for maltose.

Kjelder endre