Balderfeltet er eit av dei relativt mindre oljefelt på norsk kontinentalsokkel. Feltet er kalla opp etter den norrøne guden Balder. Geografisk ligg feltet i Nordsjøen, om lag 59° 10` 57`` nord og 2° 24` 25`` aust, meir enn 100 km vest av Karmøy. Feltet omfattar ei rad små skilde petroleumsfunn og er bygd ut med produksjons- og lagringsskipet Balder FPSO, i tillegg til fleire brønnar på havbotnen. Ringhornefunnet er bygd ut med ei kombinert bustad-, bore- og brønnhovudinnretning som òg er knytt opp til Balder FPSO, og ei havbotnramme med ein oljeproduksjonsbrønn og ein vassinjeksjonsbrønn. Plan for utbygging og drift (PUD) for Balder vart godkjend den 2. februar 1996. Produksjonen frå Ringhorneplattformen tok til 11. februar 2003. Ringhorne er no ein del av Balder.

Balderfeltet og andre felt på Utsirahøgda

Balderfeltet har historisk interesse av di det kan seiast å vera det fyrste oljefeltet som vart oppdaga i norsk del av Nordsjøen. Oppdaginga fann stad allereie i 1967, meir enn to år før Ekofiskfeltet vart funne og erklært drivverdig. Det amerikanske oljeselskapet Esso hadde fått einerett i utvinningsløyve nr 001, og allereie i den andre leitebrønnen vart det påvist olje. Testinga var avslutta den 9. juli 1967, men funnet vart den gongen ikkje erklært kommersielt interessant. I tidsrommet fram til 1995 vart strukturane i lisensen undersøkt med 22 nye brønnar, ein utbyggingsplan vart godkjend i 1996 og produksjonen starta i 1999.

I dag er Exxon Mobil framleis einaste eigar av rettar i Balderfeltet og operatør på feltet.

Sjå òg endre

Kjelder endre