Oljefelt er eit område (eller reservoar) i berggrunnen som inneheld petroleumsressursar i form av råolje. For å få tak i olja, må det borast oljebrønnar. Deretter må olja pumpast opp av reservoaret. Då eit oljefelt kan ha stor utstrekning, vil det ofte vera naudsynt å bora mange brønnar for å få opp olja. Ein nyare teknologi for å få opp mest mogleg olje frå eit oljefelt er avviksboring, boring i ulike vinklar. Ved mange høve vil det finnast naturgass og naturgasskondensat i tilknyting til oljefelta.

Det finst meir enn 40 000 oljefelt i verda, både på land og til havs (offshore). Boring og utvinning av olja utanskjers skjer vanlegvis ved hjelp av ein oljeplattform. Dei største oljefelta er Ghawarfeltet i Saudi Arabia og Burganfeltet i Kuwait. Kvar inneheld desse felta kring 60 milliardar fat (10 km³) med olje. Dei fleste oljefelta er mykje mindre enn desse.

I moderne tid har påviste oljeressursar vore ein utløysande faktor for fleire krigar. Usemje knytt til utnyttinga av Rumailafeltet mellom Irak og Kuwait skal ha vore ein viktig grunn til Irak sin invasjon av Kuwait i 1990.

Ut frå eit forvaltings- og styresmaktsperspektiv har ein å gjera med eit oljefelt på norsk kontinentalsokkel fyrst når ein petroleumsførekomst med i all hovudsak råolje er erklært drivverdig. Eigarane av rettar til feltet har då teke ei avgjerd om utbygging, og styresmaktene har godkjend ein plan for utbygging og drift (PUD).

Nokre norske oljefelt endre

Sjå òg endre

Sjå òg endre